LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrasjonskonsulent (førstekonsulent, vikariat)

Søknadsfrist: 28.01.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Administrasjonskonsulent (førstekonsulent)

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig eit elleve månader vikariat som administrasjonskonsulent frå 1. mai 2026. Vi søkjer deg som er positiv, nysgjerrig, driftig og strukturert til denne særs viktige funksjonen i vårt sterke administrasjonslag. Du vil få eit stort spenn av oppgåver innan drift og leiarstøtte, og du får jobbe i eit dynamisk og internasjonalt miljø med topp kompetente forskarar og undervisarar.

Geofysisk institutt er sentral i universitetet sine satsingsområde klima og energiomstilling, og driv undervisning og forsking innan biogeokjemi, fornybar energi, fysisk oseanografi, klimadynamikk og meteorologi. Instituttet har ein omfattande forskingsaktivitet i ein betydeleg prosjektportefølje og gode utdanningsprogram innan meteorologi/oseanografi og fornybar energi.

Instituttadministrasjonen har åtte tilsette som yter administrativ støtte til fagmiljøa innan områda studieadministrasjon inkl. forskarutdanning, forskingskoordinering, forskingsadministrasjon, informasjonstenester, samt personal- og økonomiforvaltning. Administrasjonen si målsetjing er å leggje forholda best mogleg til rette slik at dei vitskapleg tilsette kan drive forsking, utdanning og formidling av høg kvalitet.

Administrasjonskonsulenten skal rapportere til administrasjonssjefen som er næraste overordna.

Arbeidsoppgåver:

Du vil få varierte arbeidsoppgåver innan administrative tenester knytt til instituttets ekspedisjon. Døme på oppgåver er:

  • Fagrekvirent - innkjøp/bestilling av varer og tenester 
  • Areal- og kontorforvalting, og rolle som byggansvarleg brann
  • Informasjonsarbeid, til dømes nettsider, internt nyheitsbrev og annan interninformasjon pr e-post og Teams
  • Sakshandsaming knytt til mottak av utanlandske gjesteforskarar 
  • Arrangementstøtte, til dømes instituttseminar, disputasar og skulebesøk
  • Lokal koordinator for årleg val av instituttråd
  • Generelle administrative oppgåver som handtering av post, varemottak, tilgangsstyring, nøklar og rombestilling

Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

 Du må ha:

  • Utdanning på bachelornivå eller fagbrev i kontorfaget eller tilsvarande utdanning. Alternativt tilsvarande kvalifikasjonar som du har oppnådd gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning
  • God skriftleg framstillingsevne på båe målføre i tillegg til engelsk skriftleg og munnleg
  • Brei erfaring i bruk av Microsoft Office-programvare og generelt god system/IT-kompetanse

Det vil vere en føremon om du også har:

  • Erfaring frå koordineringsarbeid
  • Kjennskap til administrering av nettsider
  • Relevant praksis frå universitets- eller høgskulesektoren
  • Kjennskap til datasystema som er i bruk ved UiB 

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt. Døme på slike er:

  • Du er serviceinnstilt og omgjengeleg
  • Du er effektiv og strukturert
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og vere ansvarsmedviten 
  • Du trivst med å handtere mange og ulike oppgåver i eit dynamisk og internasjonalt miljø
  • Du er omstillingsdyktig og initiativrik
  • Du er ivrig etter og motivert for å bli vår nye kollega

Vi oppmodar alle interesserte om å søke!

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø 
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408)
  • Løn kr 550 000 – 580 000 per år før skatt, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Linda VagtskjoldLinda.Vagtskjold@uib.no, telefon 55584170.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther, Asbjorn.Sather@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Linda Vagtskjold (Administrasjonssjef), +4755584170, Linda.Vagtskjold@uib.no
Powered by Labrador CMS