Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Fotograf (vikariat, inntil 100%)

Søknadsfrist: 18.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter informasjonstenester av høg kvalitet for å støtte forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig eit vikariat i inntil 100% stilling som fotograf (avdelingsingeniør 1085) frå snarast og til 31.08.2020 med moglegheit for forlenging. Stillinga er for tida knytt til Billedsamlingen ved Seksjon for Spesialsamlingar. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Billedsamlingen er eit av landets eldste og mest anerkjende arkiv for historisk fotografi og inneheld til saman 1,2 millionar bilete. I samlinga finnes kjende norges- og bergensmotiv, men også bilete frå andre land, dokumentasjon frå ulike universitetsforskarars arkiv og eksempel på tidlege fotografiske teknikkar.

Arbeidsoppgåver:

  • Fotografering og digitalisering av eldre biletmateriale.
  • Digital bilethandsaming.
  • Noko registrering og katalogisering i digitale arbeidsverktøy.
  • Delta i løpande driftsoppgåver som til dømes publikumskontakt.
  • Forvaltning av originalt fotomateriale i samlingane i samråd med UBs fast tilsette og prosjektmedarbeidarar.

Stillinga er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Til tider vil arbeidet vere fysisk og tidsmessig krevjande, og søkjarar må ikkje vere overfølsame for kjemikaliar og/eller støv. Ytterlegare arbeidsoppgåver kan bli pålagt i tråd med utvikling og behov.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fagbrev i fotografi eller tilsvarande fotografutdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå.
  • Erfaring med gjenstandsfotografering, digitalisering og skanning av eldre fotomateriale.
  • Erfaring med bilethandsamingsverktøy som til dømes Photoshop.
  • Det er ønskeleg med erfaring med registrering i fotodatabasar.
  • Må ha god evne til å planlegge og høg grad av gjennomføringsevne.
  • Høg arbeidskapasitet.
  • Strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Positiv, initiativrik, nøyaktig og med evne til å kunne arbeide sjølvstendig.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (eller skandinaviske språk) og engelsk.
  • Personlege eigeskapar vil verta vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønssteg 42 - 53 (kode 1085/LR22) avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 396 700 – 471 600 i 100% stilling. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Fungerande fagleg leiar Morten Heiselberg, tlf. 55582543, e-post morten.heiselberg@uib.no, eller
  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148 / 55582572, e-post bjorn.bagge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS