Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor (10 % bistilling) i manuell terapi

Søknadsfrist: 25.02.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Universitetslektor (10 % bistilling) i manuell terapi

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (10 % bistilling) i manuell terapi for ein periode på to (2) år. Stillinga er knytt til fast hovudstilling som manuell terapeut i helsetenesta. Arbeidsstad er i Alrek helseklynge.

Arbeidsoppgåver:

  • Søkjaren skal undervise teori og vegleia praksis innan undersøkingsprosedyrar for vevs- og funksjonsdiagnose, vurderingar av indikasjonar og kontraindikasjoner knytt til manipulasjonsbehandling og dugleikundervisning i manipulasjons- og artikuleringsteknikkar.
  • Undervisinga vektlegg at studentane skal tilegne seg avansert kunnskap innan muskel- og skjelettplagar.
  • Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamen ved instituttet etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.
  • Den eller dei som vert tilsett må bidra med studiekoordinering og emneansvar.
  • Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Den tilsette kan bli pålagt å delta i universitetets styringsorgan, komitear og anna arbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må ha klinisk mastergrad i manuell terapi eller tilsvarande kompetanse,
  • Søkjar må ha brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.
  • Det er forventa at søkjar har solid klinisk erfaring som primærkontakt og innan bruk av manipulasjonsbehandling i primærhelsetenesta.
  • Det er ønskjeleg med undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling.
  • Pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Det blir lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. Søkjar må vere personleg eigna.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn frå lønssteg 52-63 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 464 000 - 563 700 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar samt ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • fullstendig publikasjonsliste
  • vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS