Stilling:

Seksjonssjef (Universitetsmuseet i Bergen)

Søknadsfrist 26. november 2018

Universitetsmuseet i Bergen har forsking, og formidling som kjerneoppgåver, saman med innsamling, dokumentasjon og vern. Museet har fagfelta antropologi, arkeologi, kunst- og kulturhistorie, botanikk, geologi og zoologi. Til museet ligg og ansvaret for utgravingsverksemda etter av Kulturminnelova med forskrifter, samt for to botaniske hagar. Universitetsmuseet har omfattande vitskaplege samlingar og er eit nasjonalt formidlingssentrum. Museet har om lag 120 årsverk. Nærare informasjon om museet finn ein her:

http://ww.uib.no/universitetsmuseet

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie, er det ledig ei fast stilling som seksjonssjef for Fornminneseksjonen. Seksjonen består per i dag av ein stab på fem fast tilsette forskarar og åtte administrative stillingar. I feltsesongen er det vidare knytt eit betydeleg tal mellombels tilsette til ulike prosjekt ved seksjonen.

Fornminneseksjonen har det faglege ansvaret for handtering av lovpålagte oppgåver delegert til Universitetsmuseet ved forskrift i Lov om kulturminner. I tillegg er seksjonen delegert ansvar for forvaltinga av bergkunstlokalitetar innanfor sitt forvaltningsområde. Seksjonen er elles rådgjevar for Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og andre samarbeidspartnarar. Fornminneseksjonen har vakse monaleg dei siste åra, både i talet på tilsette og volum på prosjektverksemda. I 2018 er det venta at seksjonen vil ha ein prosjektportefølje på rundt 43 millionar kroner.

Fornminneseksjonen er ein av tre seksjonar ved Avdeling for kultur. Dei to andre seksjonane er Forskingsseksjonen og Seksjon for samlingsforvalting og konservering. Til saman omfattar den kulturhistoriske verksemda ved Universitetsmuseet rundt 35 faste stillingar med ansvar for vitskapleg arbeid og forvalting innanfor fagområda antropologi, arkeologi, konservering, kunsthistorie og kulturvitskap.

Arbeidsoppgåver

Til stillinga som seksjonssjef ligg det daglege operative ansvaret for museet si ytre forvalting av arkeologiske kulturminner, som omfattar mellom anna lovpålagt sakshandsaming, rådgiving og gjennomføring av utgravingsprosjekt. Ansvaret gjeld for heile museet sitt forvaltingsdistrikt (Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre) og er heimla i kulturminnelova med forskrifter. Seksjonssjefen sitt ansvar omfattar dimensjonering, utlysing og tilsetjing av personale for gjennomføring av utgravingsprosjekt, samt disponering av det faste personalet for fordeling av alle faglege og administrative oppgåver knytt opp mot den ytre kulturminneforvaltinga. Planar og budsjett for prosjekta vert utarbeidde av Fornminneseksjonen sine tilsette i samarbeid med seksjonsleiaren og vert godkjente av avdelingsleiaren ved Avdeling for kulturhistorie.

Seksjonssjefen har det overordna ansvaret for at seksjonen følgjer museet sine rutinar for innlevering av funnmateriale og dokumentasjon til museet sine samlingar. Av dette følgjer eit nært samarbeid med dei andre seksjonane ved museet. Seksjonssjefen har det faglege og økonomiske ansvaret for den dagleg drifta av seksjonen. I samband med eksternt finansierte prosjekt har vedkommande eit særleg ansvar for at Riksantikvaren sine budsjett- og rekneskapsrutinar vert følgde. Seksjonssjefen har personalansvar for tilsette knytt til utgravingsverksemda. Seksjonssjefen rapporterer til avdelingsleiaren for Avdeling for kulturhistorie. Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha:

  • Minst hovudfag/mastergrad i arkeologi med spesialisering innanfor nordisk arkeologi
  • Dokumentert kunnskap om norsk kulturminneforvalting og kulturminnelov
  • Dokumentert erfaring frå forsking- og forskingsbasert forvalting
  • God kjennskap og innsikt i arkeologisk kjeldemateriale frå Norden og Nord-Europa
  • Innsikt i og forståing av å arbeida tverrfagleg og fleirfagleg innanfor kultur- og naturfag
  • Dokumentert brei feltarkeologisk erfaring og kompetanse, inklusive prosjektleiarerfaring
  • Erfaring frå personalleiing, samt budsjett og økonomiarbeid
  • Erfaring frå leiing og administrasjon også utover prosjektleiarerfaring
  • God kompetanse innanfor IT. Arbeidsspråket på avdelinga er til vanleg norsk, og den som vert tilsett må meistre eit skandinavisk språk ved tiltreding. Vedkommande må også kunne uttrykkje seg godt på engelsk både skriftleg og munnleg.

Eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar. Relevant leiarutdanning og leiarerfaring frå offentleg sektor vil vere ein fordel
  • Det vert lagt stor vekt på gode samarbeidsevner, samt evne til å arbeide i eit fleirfagleg integrert miljø
  • Relevant praksis frå museumsarbeid er eit føremon
  • Vere leveringsdyktig i høve til tidsfristar og kvalitet
  • Trivast i eit – til tider – hektisk arbeidsmiljø
  • Ha endringskompetanse og vilje til endring. Det er viktig at den som vert tilsett er eigna for stillinga, og det vert derfor lagt stor vekt på personlege eigenskapar og motivasjon.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 65-70 (for tida kr 576.100-631.700) i det statlege lønsregulativet. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: https://www.uib.no/hr/74687/hva-kanuniversitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie v/ avdelingsleiar Asbjørn Engevik, tlf. 55 58 31 24, e-post: [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.

Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen