Stilling:

Vikariat som førstekonsulent (50 %) ved CROP-sekretariatet

Søknadsfrist 15. august 2018

På vegne av CROP-samarbeidet utlyser Universitetet i Bergen vikariat som førstekonsulent i 50%-stilling ved sekretariatet for CROP i Bergen i tidsrommet 01.09.2018 – 31.12.2018.

The Comparative Research Programme on Poverty (CROP) er eit internasjonalt program som arbeider for å fremje alternativ og kritisk kunnskap om førebygging og utrydding av fattigdom. CROP er finansiert i eit forpliktande samarbeid mellom International Science Council (ISC) og Universitetet i Bergen. Førstekonsulenten vil bli tilsett ved UiB.

Sekretariatet for CROP skal handtere administrative og akademiske oppgåver for programmet.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg kommunikasjon og samarbeid med CROP sine nettverksmedlemmer og internasjonale partnarar.
  • Informasjonsarbeid som t.d. bistand i førebuing og redigering av nyheitsbrev og andre publikasjonar, kontakt med grafisk utformar, oppdatering av databaser, nettsider, sosiale medier m.m.
  • Assistanse i praktisk gjennomføring av arrangement eller koordinering mot lokale partnarar ved internasjonale arrangement
  • Deltaking i anna administrativt arbeid ved behov
  • Oppgåvene i stillinga kan justerast ut frå behovet ved sekretariatet

Kvalifikasjonar

  • Høgre utdanning på masternivå.
  • Arbeidserfaring relevant for dei omtalte oppgåvene
  • God IT-kompetanse inkludert erfaring med redigering av nettsider og produksjon av innhald til sosiale medier.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibilitet og evne til å jobbe med personar frå andre kulturar
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team også i periodar med høg arbeidsbelastning

Språk

  • Evne til å forstå og snakke norsk.
  • Svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg – sidan engelsk er offisielt språk ved CROP-sekretariatet.
  • Kompetanse i andre språk er eit pluss

Vi tilbyr

  • Løn etter lønssteg 43-53 (kr. 397 200 – 464 800) i det statlege lønnsregulativ, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstidsordning og gode velferdstilbod
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Generelle opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen har utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv har oppmoda om ikkje å bli førd opp på søkjarlista.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad på engelsk og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida: ”Søk denne stillinga”.

Kontaktperson for stillinga

Administrativ koordinator for CROP, Maria Sollohub, Tlf: 55 58 97 40 / 91 58 56 23, epost [email protected]

Søk denne stillinga