Stilling:

Universitetslektor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Søknadsfrist 21. oktober 2018

Ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast 100 % stilling som universitetslektor.

Kort beskriving av instituttet og stillinga:

Denne lektorstillinga vil ha sine arbeidsoppgåver knytt til instituttet sine program for etter- og vidareutdanning og oppdragsundervisning - EVU/OU, samt til seminarverksemda for bachelorprogrammet ved instituttet.

Stillinga har desse hovudoppgåvene:

  • Faglege og administrative oppgåver knytt til EVU/OU kurstilbodet ved instituttet.
  • Digital utvikling, produksjon og formidling.
  • Koordinator for seminarprogrammet på instituttet og bidra i vidareutvikling av dette.

Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- og utviklingsarbeid) og fagleg oppdatering. Det kan bli endringar i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett som universitetslektor må ha:

  • Mastergrad innan administrasjon og organisasjonsvitskap, statsvitskap eller andre samfunnsvitskaplege fag.
  • Undervisnings- og rettleiingserfaring. Kjennskap til digitalt støtta undervisnings- og rettleiingsarbeid vil vere ein fordel.
  • God språkkunnskap i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
  • Kjennskap til digitale verktøy for produksjon av innhald, inkludert erfaring med web-redigering- og publisering.
  • God administrativ IT-kompetanse, inklusiv bruk av statistikkprogram
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Vi kan tilby

  • Eit godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning.
  • Årsløn for universitetslektor (kode 1009/LR25) er lønssteg 52- 60, pt NOK 456 900 - 524 200. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Gode trenings- og velferdstilbod.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må kunne bidra i samanheng med undervisning på lågare grad ved instituttet. I tilknyting til undervisningsdelen av stillinga må det påreknast noko reising (samlingar à 3 døgn) og helgearbeid.

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenke på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 21.oktober 2018.

Søknaden skal merkast 18/10828

Det kan vere aktuelt med prøveforelesing før tilsetjing.

Til informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Førsteamanuensis, Dag Runar Jacobsen til 55 58 86 09, eller ved e-post [email protected]

Ved praktiske spørsmål kan ein vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på jobben