Stilling:

Seniorkonsulent (eksamenskonsulent) ved Det psykologiske fakultet

Søknadsfrist 29. august 2018

OBS: Utvidet frist

Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling (100 %) som seniorkonsulent.

Det psykologiske fakultet har for tida kring 1800 studentar fordelt på 16 studieprogram på bachelor-, profesjons- og masternivå. I tillegg kjem om lag 120 studentar på doktorgradsnivå. Stillinga er i dag knytt til studieseksjonen ved fakultetssekretariatet og har arbeidsplass i Christies gate 13, men kan framover vere ein ekstra ressurs for studieadministrativt arbeid plassert ved institutta.

Studieseksjonen har overordna administrativt ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og utvikle fakultetet sine studieprogram på bachelor-, profesjons- og masternivå. I dette inngår mellom anna eksamens- og kvalifikasjonsarbeid, informasjonsarbeid, studierettleiing, bruk av IT-baserte studieadministrative verktøy og studentrekruttering.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inngår i eksamensgruppa, og har oppgåver knytt til administrasjon og avvikling av eksamen. Dette vil mellom anna innebere å:

  • utarbeide eksamensplan for dei ulike eksamenane.
  • førebuing og gjennomføring av digital eksamen inkludert hente inn eksamensoppgåver og vurderingsprotokollar, registrere sensur.
  • klagehandsaming og anna sakshandsaming knytt til eksamen.
  • Stillinga har superbrukarrolle i studieadministrative IKT-system.
  • Seniorkonsulenten er òg fakultetet sin kontaktperson for studentar som treng tilrettelegging av studia.
  • Stillinga kan i tillegg ha oppgåver knytt til vitnemål og avslutningsmarkeringane, opptak og andre studiearrangement.
  • Den som vert tilsett vil gå inn i bemanninga av Informasjonssenteret ved fakultetet.

Fakultetet er i ein omstillingsprosess, og stillinga kan derfor verte tillagt andre arbeidsoppgåver og eventuelt annan arbeidsstad.

Universitetet i Bergen er inne i digitaliseringsprosess som påverkar arbeidsfeltet og som seniorkonsulent må ein derfor pårekne ein del utviklingsoppgåver i tillegg til dei faste oppgåvene. Arbeidet som seniorkonsulent vil krevje eit aktivt samarbeid med andre avdelingar og einingar ved Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • relevant praksis er eit krav
  • kjennskap og praksis frå universitets- eller høgskulesystemet vil bli vektlagt
  • røynsle frå studieadministrasjon og eksamensarbeid er ein føremon
  • den som vert tilsett må kunne nytte begge målformer, og kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg på engelsk
  • arbeide sjølvstendig og målretta
  • ha god IKT-forståing
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • vere fleksibel og serviceinnstilt
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for utvikling og kompetanseheving
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 51-56 (kode 1363/LR21), etter hovudtariffavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 449 000 – 488 100. For særleg kvalifiserte kandidatar kan fakultetet vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik kan du søkja

Søknad med CV og relevante vedlegg, som attestar og vitnemål må lastas opp i JobbNorge ved å klikke på «Søk stillinga». Søknadar som vert sende på e-post, og søknadar utan vedlegg vert ikkje vurdert.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.

Søknadsfrist: 29.08.2018

Søknaden skal merkast: 18/8504

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetssekretariatet ved:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS