Stilling:

Statistikar (senioringeniør / overingeniør)

Søknadsfrist 28. oktober 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ein til to 100% faste stillingar som statistikar (overingeniør/senioringeniør). Stillingane vil vere knytt til kjernefasiliteten i biostatistikk og dataanalyse (BIOS).

Om instituttet: https://www.uib.no/igs

BIOS er ein av sju kjernefasilitetar ved det medisinske fakultet ved UiB som er etablert for å oppnå best mogleg kvalitet på forsking basert på tilgjengelege ressursar. Hovudoppgåva til BIOS er å bistå forskarar internt ved UiB og andre forskingsinstitusjonar med biostatistisk prosjektstøtte.

BIOS er ein del av fagområde for epidemologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og har i dag seks statistikarar i overingeniør og senioringeniørstillingar. I tillegg har EPISTAT-fagområdet fem professorar (3,4 årsverk) i medisinsk statistikk. Ein stor del av prosjekta BIOS er involvert i er prosjekt der ein bruker data frå ulike helseregistre og større helseundersøkingar, men vi bidreg også med prosjektstøtte i kliniske studiar og intervensjonsstudiar. BIOS bidreg med støtte og metodeutvikling i infrastrukturprosjekta «Health Registries for Research» (HRR) og Biobank Norge som er finansiert av Noregs forskingsråd. HRR-prosjektet er i sluttfasen og det er behov for å auke aktiviteten i 2018/2019. Det første året etter tilsetting er det ønskjeleg at den tilsette i hovudsak skal jobbe med utvikling og testing av geografiske modellar for analyse av registerdata som ein del av HRR-prosjektet. Når HRR-prosjektet er avslutta vil den tilsette inngå med prosjektstøtte i andre prosjekt ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og elles på Det medisinske fakultet.

Det kan bli aktuelt å tilsette to personar dersom behovet for statistisk prosjektstøtte aukar utover hausten.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå med hjelp til studiedesign, tilrettelegging av data, statistisk rettleiing og statistiske analyser i ulike forskingsprosjekt. Prosjekta vil i hovudsak vere knytt til ulike forskingsgrupper og sentre ved Det medisinske fakultet ved UiB, men det vil også vere enkelte prosjekt knytt til andre forskingsinstitusjonar.
  • Vere med å utvikle og halde kurs og workshops innanfor spesielle metodefelt i biostatistikk
  • Metodeutvikling innanfor geografiske modellar til analyse av registerdata.
  • Metodeutvikling innanfor feltet genetisk statistikk.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dagleg leiar av BIOS, Jannicke Igland, tlf. 55 58 85 28, e-post: jannicke.igland@uib.no eller
  • Fagleg leiar for BIOS, professor Rolv Terje Lie, tlf. 55 58 85 33, e-post: rolv.lie@uib.no

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i matematisk statistikk, kjemometri, økonometri, aktuarutdanning eller tilsvarande metodebakgrunn
  • Det er ønskjeleg med relevant doktorgrad
  • Søkjar må kunne nytte og drive utviklingsarbeid i statistiske program (R, STATA eller SAS)
  • Søkjar må kunne setje seg inn i nye relevante statistiske metodar
  • Det er ein føremon at søkjar har relevant erfaring med medisinsk statistikk, registerforsking, og epidemiologi, genetikk eller design og analyse av kliniske studiar
  • Det er spesielt ønskeleg med kunnskap om statistiske metodar for analyse av geografiske data
  • Søkjar må ha evne til å arbeide sjølvstendig, samarbeide med forskarar, vere fleksibel og drive problemløysing
  • Det er viktig å vere serviceinnstilt, imøtekomande og levere til avtalt tid
  • Søkjar må ha gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk er eit krav
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000) eller senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 58-62 (for tida kr 505 800 - 544 400) etter kvalifikasjonar. Søkjarar med relevant doktorgrad vil bli vurdert som senioringeniør. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • CV som viser oversikt oversikt overutdanning og arbeidserfaring
  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS