Stilling:

Postdoktor (Institutt for framandspråk)

Søknadsfrist 31. oktober 2018

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig ei postdoktorstilling med planlagd start 1. januar 2019 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. Det blir undervist og forska innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (http://www.uib.no/fremmedsprak). Postdoktorstillinga er open for søkjarar innanfor alle desse faga og disiplinane, inkludert tverrfaglege prosjekt.

Instituttet har litt over femti fast vitskapleg tilsette, fire postdoktorar, om lag tjue stipendiatar og elleve administrativt tilsette.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad i eitt av faga ved instituttet eller innanfor eit anna relevant felt. Ho eller han kan òg ha ein tilsvarande doktorgrad frå utlandet. Doktoravhandlinga skal vere levert før søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må leggje fram ei prosjektskisse med framdriftsplan for hovudaktivitetane i prosjektet. I tillegg må søknaden innehalde ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.
  • Den som får stillinga, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på dei akademiske kvalifikasjonane (publikasjonar og anna relevant erfaring) og på den vitskaplege kvaliteten i postdoktor-prosjektet. Dessutan skal det leggjast vekt på erfaring frå popularisering og formidling av forsking.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vert det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett, for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 514.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad og vitnemål for doktorgraden eller stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert
  • eit kort samandrag av doktorgradsavhandlinga (inntil 3 sider)
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • inntil 5 vitskaplege arbeid
  • prosjektomtale (inntil 5 sider, bibliografi ikkje medrekna)
  • framdriftsplan for prosjektet
  • litteraturliste for prosjektomtalen

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Forskingskoordinator Åsta Haukås, e-post asta.haukas@uib.no eller telefon 55 58 24 88, eller til
  • Forskingskonsulent Jan A. Johansen, e-post jan.johansen@uib.no eller telefon 55 58 93 78

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Søknadsfrist: 31.10.2018

Merk søknaden: 18/10601

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS