Stilling:

Postdoktor (3 år) ved Institutt for biomedisin

Søknadsfrist 11. november 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) eller fire (4) år om ein får utanlandsopphald. Stillinga er knytt til prosjektet ERC Consolidator Grant ‘Discovery and functional significance of post-translational N-terminal acetylation’ knytt til Thomas Arnesen sin lab og forskingsgruppa Translasjonell Cellesignalering og Metabolisme.

Om instituttet/prosjektet

Målet med prosjektet er å karakterisere nye enzym av typen acetyltransferaser biokjemisk og på celle og organismenivå. N-terminale acetyltransferaser (NATs) sørgjer for påsetting av ei acetylgruppe på dei fleste protein i menneskeceller noe som gjer N-terminal acetylering til ein av dei aller mest vanlege former for protein modifisering. NATs er dermed svært viktige i ei rekkje cellulære og fysiologiske prosessar. Forskingsgruppa vår ved Universitetet i Bergen har identifisert og karakterisert heile det hittil kjente NAT-maskineriet som opererer i humane celler. Ved å kartleggje desse enzyma kan vi auke vår forståing for grunnleggjande cellulære prosessar med stor relevans for sjukdom.

Lenke til forskingsgruppa og prosjektet: https://www.uib.no/rg/nat

Hovudoppgåver

  • Planlegging, gjennomføring og analyse av eksperimentelt arbeid innan forsking på post-translasjonell N-terminal acetylering knytt til ERC-prosjektet. Både standard og avanserte metodar innan biokjemi, molekylærbiologi og organismemodellar trengst for å gjennomføre arbeidsoppgåvene knytt til dette prosjektet. Det vil verte sjølvstendig forskingsarbeid med ansvar for gjennomføring av sentrale delar av prosjektet frå ide til publikasjon.
  • Rettleiing av studentar frå bachelornivå til ph.d.-stipendiatar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Thomas Arnesen, e-post: thomas.arnesen@uib.no

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad innan biokjemi, molekylærbiologi eller anna relevant fagområde eller ha tilsvarande utanlandsk utdanning, eller ha fått levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at disputas er gjennomført og godkjent før tilsetjingsperioden startar
  • Det er eit krav at kandidaten har produsert vitskaplege publikasjonar som førsteforfattar i internasjonale tidsskrift innan fagfeltet proteinmodifikasjonar
  • Omfattande erfaring i bruk av Danio rerio (zebrafish) som modellsystem er eit krav
  • Praktisk erfaring med bruk av proteomikk (fra prøvepreparering til dataanalyse) er eit krav
  • Det er eit krav at vedkomande har erfaring med rettleiing av studentar i laboratoriet på både master- og ph.d.-nivå
  • Søkjar må kunne nytte munnleg og skriftleg engelsk på høgt nivå
  • Det vil verte lagt stor vekt på personlege eigenskapar slik som sjølvstendig arbeid, kunne samarbeide, vere motivert og ansvarsmedviten, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking

Vi kan tilby

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan proteinmodifiseringar
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 534 100, med spesialistutdanning lønssteg 63 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 555 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn verte vurdert
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om postdoktor stillingar

Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.

Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved Universitetet i Bergen. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

Slik søkjer du stillinga

Send CV og søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 11.11.2018

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS