Stilling:

Forskarstilling ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist 10. august 2018

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei mellombels stilling som forskar knytt til prosjektet «Towards more stability, competitiveness and predictability in the financial sector» for ein periode på 12 månader med startdato frå 1. september 2018 eller seinare. Prosjektet har finansiering frå Det juridiske fakultet. Forskarstillinga vil inngå i fagmiljøet til forskergruppa for konkurranse- og marknadsrett og BECCLE, Bergen Centre For Competition Law and Economics.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I oktober 2015 gav Finansmarkedsfondet eit stipend til postdoktorprosjektet «Towards more stability, competitiveness and predictability in the financial sector». Finansmarkedsfondet finansierer forsking og allmennopplysning som gir betre kunnskap om korleis finansmarknadene fungerer og bidrar til auka etisk bevisstheit.

Leiar for prosjektet er førsteamanuensis Ronny Gjendemsjø. Postdoktorprosjektet skal gjennomførast av ph.d. Malgorzata Agnieszka Cyndecka. Mens postdoktorprosjektet er finansiert av Finansmarkedsfondet, skal fakultetet finansiere ei forskarstilling som er knytt til det aktuelle prosjektet. Målet med forskingsprosjektet er å svare på spørsmål som korleis statsstøttereglar kan bidra til å gjenoppbyggje finanssektoren for framtida, og korleis statsstøtte kan bidra til å gjøre sektoren meir robust, og dermed bidra til den pågåande diskusjonen om finanssektoren. Prosjektet vil analysere korleis statsstøttereglar bør bli nytta i finanssektoren slik at ein ivaretek effektiviteten og konkurranseevna og syter for like vilkår for alle marknadsaktørane. Postdoktorprosjektet som er ein del av dette forskingsprosjektet, undersøkjer nytta og bruken av det marknadsøkonomiske investorprinsippet (MEIP) på statlege tiltak i finanssektoren.

Den utlyste stillinga vil inngå i forskingsprosjektet, og den som blir tilsett skal skrive ein vitskapeleg artikkel relatert til statsstøtte i finanssektoren. Artikkelen skal publiserast i eit anerkjent tidsskrift. Søkjarane skal sjølv foreslå eit tema innanfor denne ramma. Den som blir tilsett skal delta i aktivitetar i forskingsprosjektet, dvs. delta i ein konferanse i september 2018 og presentere funna sine på ein avsluttande workshop i 2020.

Ein sakkyndig komité skal vurdere søkjarane sine kvalifikasjonar. Til søknaden skal det leggjast ved ei prosjektskisse på mellom to og fem sider. I denne skal det óg stå noko om korleis søkjaren tenkjer å formidle forskingsresultata. Prosjektskissa skal inngå som del av (vedlegg til) arbeidskontrakten for den midlertidige tilsetjinga.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Ronny Gjendemsjø: epost: ronny.gjendemsjo@uib.no, tlf. +47 55 58 39 22.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor rettsvitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute
  • Søkjarar må ha bakgrunn og potensiale for forsking av høg kvalitet innan konkurranserett/marknadsrett/statsstøtterett
  • Søkjar må vise engasjement i forsking og kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter kroner 586 500 (ved levert avhandling), og/eller kroner 658 300 (ved oppnådd ph.d.-grad) etter hovudtariffavtalene i staten. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Ei prosjektskisse på mellom to og fem sider
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte omsetjingar)
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge via link på denne sida «Søk stillingen».

Generell informasjon:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til førstekonsulent Marianne Hauger, e-post: marianne.hauger@uib.no eller tlf. 55 58 95 43.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 10. august 2018

Søknaden skal merkast: 2018/7897

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS