LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskingssjukepleiar

Søknadsfrist: 10.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskingssjukepleiar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS) er det ledig ei stilling som forskingssjukepleiar (100 %) for ein periode på (3) år.

Stillinga er knytt til prosjektet: Decoding Death and Dying in people with Dementia by Digital thanotyping (5-D), eit prestisjetungt Consolidator Grant frå Det europeiske forskningsrådet (ERC). Stillingen er finansiert av ERC. Prosjektet har tett samarbeid med Institutt for klinisk odontologi, UiB, og Haraldsplass Diakonale sjukehus.

5-D er eit nyskapande prosjekt som skal undersøke korleis moderne sensorteknologi kan nyttas til å kjenne symptom hos personar med demens i den siste livsfasen. I dag finnes det ingen pålitelege metodar som kan føreseie at ein person med demens nærar seg døden. Gjennom innsamling av data frå sjukeheimspasientar skal det utviklast metodar som gir ein meir presis forståing av smerte, symptom og adferdsmessige endringar ved livets slutt. I samarbeid med Institutt for klinisk odontologi, undersøkast også munnrelaterte symptom, plakk og spytt. Det langsiktige mål er betre smertebehandling og symptomlindring, auke merksemda på den siste fasa av livet, og optimalisere kommunikasjon med pårørande, pleiepersonale og sjukeheimslegen.

Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans. 5-D inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS. 5-D prosjektgruppe vil bestå av 10 personar (forskingssjukepleiar, stipendiatar, postdoktorar, ingeniørar, bruker representant, senior rådgjevar og prosjektleiaren). Alle er tilsett ved SEFAS med ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos personar med demens. SEFAS har tett samarbeid med fremragende universitet i Nederland, USA og Japan. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.

Meir informasjon om 5-D finst her.

Arbeidsoppgåver:

Forskingssjukepleiar vil delta i alle oppgåvene i eininga i samarbeid med ein administrativ og ein vitskapleg ansvarleg for eininga, og stå for den daglege drifta.

Hovudoppgåva vil vere å planlegge deltakarflyt, samtykkeprosess og logistikk, utføre standarundersøkingar av studiedeltakerar, utfylling av tradisjonelle spørjeskjema, bruk av digitale verktøy som berbare instrumenter og radarinstallasjon, digital registrering av studiedata/-dokumentasjon, i tillegg til kommunikasjon med pasienter, pårørende og personalet på sjukeheimar.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning er ønskjeleg
  • Erfaring med eldreomsorg sjukeheimspasientar eller forsking relatert til dette er ein fordel, men er ikkje avgjerande
  • Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg på engelsk
  • Formidlingserfaring er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • er positiv, engasjert, uredd og fleksibel og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver
  • kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn er for tida kr 502 300 – 540 500 (kode 807, lønssteg 50-55). Løn er brutto per. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • SEFAS sin leiar, professor Bettina S. Husebø, e-post: Bettina.Husebo@uib.no, tlf.: 48094660

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken ”Søk stillinga” øvst på denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS