Stipendiatstillingar i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Kunstakademiet
Søknadsfrist: 11.02.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig tre stipendiatstillingar (100 %) knytt til tre av instituttet sine forskingsgrupper. Stillingane er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.08.2024.
Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for kunstnarleg utviklingsarbeid av internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt store krav til kunstnarleg innsikt og kompetanse, i samsvar med god akademisk skikk og etiske standardar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi søkjer tre stipendiatar som kan drive kunstnarleg utviklingsarbeid innan for rammene av instituttet sine forskingsgrupper i det tverrfaglege miljøet ved Kunstakademiet.
Prosjekt skal knytast til ei av desse forskingsgruppene:
Kunstnarar som arbeider innafor og/eller på tvers av disiplinane skulptur, grafikk, maleri, skulptur, kuratorisk praksis og performance vert særskilt oppmoda til å søke.
Vi ser etter nyskapande ph.d.-prosjekt. I søknaden din må du orientere prosjektet ditt mot ei av forskingsgruppene, samtidig som du kritisk artikulerer denne samanhengen i forhold til hovudmediet for dette kunstnarlege prosjektet.
Instituttet vil arrangere eit nettbasert orienteringsmøte for stillingane onsdag 10. januar 2024 kl 15:00. Delta på Zoom.
Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga ved ph.d. programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved fakultetet i utforminga av prosjektet. Meir info her.
Prosjektskildringa:
Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 for ytterlegare informasjon.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må normalt ha femårig mastergrad i kunst eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis på høgt nivå.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Om du tidlegare har vore tilsett i stipendiatstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid. Opptak til doktorgradsprogrammet i kunstnarleg utviklingsarbeid er eit vilkår for tiltreding i stilling som stipendiat. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Kandidaten skal gjennomføre obligatorisk fellesfagleg opplæringsdel i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid.
Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år.
Fakultetet vil stille krav om residensplikt.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 532 200 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
Dokumentasjon av formell fagleg kompetanse. Dette inkluderer dokumentasjon på fullført BA OG MA med vitnemål, karakterutskrift.
For utdanning i utlandet skal det leggjast ved Diploma Supplement (der det finns) samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk og Diploma Supplement manglar. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.