LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling ved Institutt for framandspråk

Søknadsfrist: 15.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stilling ved Institutt for framandspråk

Velkommen som søkjar til ei ledig stipendiatstilling ved Institutt for framandspråk (IF) med planlagd start 1. august 2024, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Utlysinga er open for prosjekt innanfor forskingsfeltet til dei to forskargruppene Litteratur og religion og Estetikk og kulturstudiar.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Dei tilsette underviser og forskar innan disiplinane språk og lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har rundt 60 fast vitskapleg tilsette, kring 20 stipendiatar og postdoktorar og elleve administrativt tilsette.

Forskargruppene

Forskargruppa Estetikk og kulturstudiar arbeider med tverrfaglege undersøkingar av tilhøvet mellom estetikk og kultur i ulike former og medium. Gruppa har arbeidd med fleire prosjekt tidlegare, mellom anna eit som via særleg merksemd til den doble tematikken utopi/dystopi. Det noverande fokuset til gruppa er "After Precarity, Polarization, and Populism: Figurations for the 21st Century", eit prosjekt som undersøker tilhøvet mellom estetiske uttrykk og problematiske aspekt ved den demokratiske kulturen i samtida.

Forskargruppa for Litteratur og religion er eit inkluderande forum for forskarar på alle nivå som arbeider med kryssande aspekt av litteratur og religion ved ulike institutt og avdelingar, med hovudvekt på Institutt for framandspråk og Institutt for arkeologi, historie og religionsvitskap. Gjennom skriveverkstader, seminar, forelesingar og andre aktivitetar søkjer forskargruppa å undersøke grenseflatene mellom skrift og tru på tvers av tid, geografi og språk. For tida har gruppa særleg fokus på korleis litteratur som kan tolkes religiøst, og religiøse tekstar som kan tolkast som litteratur, formar individuelle lesarar og større samfunn både etisk og estetisk.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Søkjarar må legge ved ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå pkt 2.1 i ph.d.-programmet.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektskissene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane og framdriftsplanen for prosjektet.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om stipendiatstillingar

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida blir nytta til anna karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, vil ikkje bli vurderte.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. 

Om forskarutdanninga

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på 532 200,- kroner bruttoVidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. 

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, men bibliografi ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskaplege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. Skissa skal òg stadfeste eksplisitt kva for forskargruppe prosjektet passar inn i.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer omfanget av oppgåva i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva/hovudfagsoppgåva (inntil 3 sider).
  • Relevante attestar.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eigne publikasjonar eller tekstutdrag (inntil 30 sider).
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Martin Paulsen på e-post m.paulsen@uib.no eller telefon +47 55 58 23 86

Spørsmål om forskargruppa Estetikk og kulturstudiar kan rettast til forskargruppeleiar Lene M. Johannessen på e-post lene.johannessen@uib.no og spørsmål om Litteratur og religion kan rettast til forskargruppeleiar Laura Saetveit Miles på e-post laura.miles@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS