LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Stipendiatstilling ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 15.04.2026

Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Om stillinga

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling knytt til prosjektet Advokaters uavhengighet. 

Prosjektet skal sjå nærare på advokatars uavhengigheit som eit grunnleggjande rettsstatsprinsipp og om det norske vernet av advokatars uavhengigheit er i samsvar med EMK-retten og EU-retten. Det skal også gjerast rettspolitiske vurderingar om vernet av advokatars uavhengigheit er varetatt på en føremålstenleg måte i norsk rett.

Tematikken knyter seg til rettsområda rettsstat, rettspolitikk, EU-rett og advokatrett. Det er ein fordel, men ikkje eit krav at personen som blir tilsett har erfaring med nokre av desse rettsområda frå tidlegare.

Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar og treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.

Oppstart er 1. juni 2026 eller seinare etter avtale.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid. 
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av fagmiljøet.
  • Du må ha god kjennskap til det norske rettssystemet og det er ein føremon om du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga 

Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet er til vanleg norsk. Eventuelle undervisningsoppgåver i stillinga skal gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet, som blir underviste på norsk.

Fakultetet sitt doktorgradsprogram gjennomførast på norsk eller engelsk.

 

Prosjektskildringa bør vere på minimum 7 sider og maksimum 10 sider inkludert litteraturliste, og ho skal innehalde ei utgreiing om tema og ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. 

Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling. 

 

Om forskarutdanninga 

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d..-grad innanfor ei tidsramme på tre år. 

 

I tillegg til å fylle kravet for tilsetjing, må søkarane også fylle kravet for opptak til fakultetets ph.d.-program. Fakultetet utnemner rettleiar for kandidaten ved tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet. 

Fakultetet tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø 
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd) 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei prosjektskildring på mellom 7 og 10 sider inkludert litteraturliste. Søkjaren må sette seg inn i og relatere prosjektskildringa til prosjektet Advokaters uavhengighet. Ta kontakt med Randi Sæbøe for å få tilgang til prosjektskildringa.
  • Eit søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga 
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen)
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar 
  • Eventuelle vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste). Publikasjonar utover mastergraden er ikkje eit krav.
  • Det er ønskeleg med namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering 
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen eller vitskaplege arbeid ikkje er på eit av desse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert skildring av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få sin utdanning evaluert av fakultetet med utgangspunkt i HK-dir. sine retningslinjer for godkjenning av utenlandsk utdanning. 
  • All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Fakultetet gjev inga vurdering av søknadene på førehand. 

    Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen». 

Generell informasjon:

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju. 

Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til HR ved fakultetet: hrjur@uib.noeller til prodekan for forsking Jørn Jacobsen: jorn.jacobsen@uib.no

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • HR, Det juridiske fakultet, hrjur@uib.no
  • Jørn Jacobsen (Prodekan for forsking ved Det juridiske fakultet), jorn.jacobsen@uib.no
Powered by Labrador CMS