LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i prosjektet ECOBUDGETS

Søknadsfrist: 24.01.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i prosjektet ECOBUDGETS

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Senter for klima og energiomstilling (CET). Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet ECOBUDGETS: Actionable budgets for sustainable climate and nature governance, finansiert av Norges Forskningsråd.

Prosjektet ser på korleis ei budsjett-tilnærming til forvaltning kan føre til politiske avgjerder som er betre for natur og klima. Fleire kommunar utviklar nå metodar og verktøy for å bruke denne tilnærminga, gjennom naturregnskap og klimabudsjettering. Bergen kommune og Vestland Fylkeskommune, partnarar i prosjektet, er langt fremme på dette feltet. I prosjektet skal vi samarbeide med dem for å forstå korleis budsjetteringa fungerer og korleis den kan fungere betre som reiskap for avgjerdstaking.

Stipendiaten skal bidra særskilt til arbeidspakke 1, 2 og 5, som fokuserer på dei samfunnsvitskaplege aspekta av prosjektet. Informasjon om prosjektet finnes på CET sine nettsider.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

• Mastergrad i eit samfunnsvitskapleg fag eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden. Det er ein fordel om masteroppgåva har fagleg relevans for prosjektet. 

• Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.

• God kjennskap til og erfaring med kvalitative samfunnsvitskaplege metodar er ein føresetnad. 

• Kjennskap

 til norsk offentleg forvaltning av natur, klima og berekraft er ein fordel. 

• Søkjarar må beherske norsk språk, munnleg og skriftleg 

• Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

• Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar (til internasjonal formidling av faglege resultat) 

• Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. 

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

 Stipendiaten vil ha arbeidsstad på Senter for klima og energiomstilling (CET). Formell tilsetjing vil være knytt til instituttet ved fakultetet kor stipendiaten har sitt mest naturlege faglege tilknyting. Det er ikkje arbeidsplikt i stillinga. Stipendiaten vil inviterast inn i forskingssamarbeid med forskarar ved Senter for bærekraftig arealbruk (CeSAM) og ein ECOBUDGETS-stipendiat der, samt samarbeid med andre partnarar i prosjektet.

Prosjektet:

 Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal utviklast i løpet av dei første tre månadene etter oppstart, i samråd med rettleiar. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Prosjektskildringa skal vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.

Om ph.d.-utdanninga: 

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. 

Vi tilbyr:

  • Stillinga som stipdendiat (kode 1017) er lønna med årsløn kr. 540 500,- brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3 % årleg stigning
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forskning og undervisning
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

• Eit motivasjonsbrev (max 3 sider) med ei utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og forskingserfaring, drøfting av korleis desse passer i prosjektet. (Dette er i tillegg til eit eventuelt følgebrev.)

• Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 

• CV, med eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

• Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad 

• Relevante attestar

• Eventuelle publikasjonar

• Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge via link på denne sida.

Søknadsfrist: 24.1.2025. 

Søknaden må merkast: 24/15822.

Søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering. 

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Håvard Haarstad (havard.haarstad@uib.no)

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Bodil Hægland, bodil.hagland@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: bodil.hagland@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Senter for klima og energiomstilling ønskjer velkommen og oppmuntrar til mangfald. Me ønskjer at CET skal vera eit arbeidsrom der alle føler seg trygge på å vera kven dei er og ha ei kjensle av tilhøyrsel. Me etterstreber kjønnsbalanse og mangfald på alle nivå, inkludert rekrutteringsstillingar og involvering av forskarar i prosjektforslag og arrangement.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen 

Powered by Labrador CMS