LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i musikkvitskap ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist: 24.02.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei stipendiatstilling innan fagområdet musikkvitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med ønska oppstart 01.09.2025. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om fagområdet

Fagområdet musikkvitskap ved Griegakademiet - Institutt for musikk har ei brei internasjonal orientering med vekt på kunnskap om musikk i kulturliv og samfunn. Instituttet sin musikkvitskaplege forskingsprofil inkluderer arbeid innan områda populærmusikk, etnomusikologi, kritisk musikologi, kjønn og seksualitet, musikk og politikk, studiar av framføringspraksisar og norsk tradisjonsmusikk. 

Griegakademiet tilbyr ein bachelorgrad i musikkvitskap med ei brei fagleg innretting. Ved instituttet er også Arne Bjørndals samling - eit folkemusikkarkiv med primært fokus på innsamling og forsking retta mot vestnorsk tradisjonsmusikk. Instituttet har eit tett samarbeid med KODE om Senter for Griegforsking. Senteret har fokus på studiar av Edvard Griegs musikk, hans historiske rolle og kulturelle aktualitet, samt musikklivet lokalt og regionalt.

Griegakademiet har elles eitt breitt og interdisiplinært fagmiljø med komposisjon, utøvande musikk og musikkterapi. Dette gjer det mogleg å utforske musikkvitskaplege problemstillingar i kontakt med ulike perspektiv på musikk og bruk av musikk. Griegakademiet har og ei satsing på utvikling av musikkteknologi på tvers av våre fagområde. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett i stillinga må utvikle sitt eige prosjekt innanfor fagområdet. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Prosjektet må høyre inn under musikkvitskap og vil verte vurdert i lys av forskingskompetansen og forskingsstrategien ved instituttet. For den strategiske utviklinga av fagområdet på Griegakademiet er prosjekt som fell inn under kritiske perspektiv/kritiske kulturstudiar i musikkvitskap, eller som kombinerer slike perspektiv med musikkteknologi eller «sound studies» særleg relevant. Andre tema vil og være relevant. 

Prosjektskisse:

Søknaden skal innehalde ein detaljert plan for prosjektet, som skal gje ei tydeleg framstilling av det vitskaplege prosjektet, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode og relevante etiske aspekt der det er aktuelt. Søknaden må også innehalde ein tidsplan for gjennomføringa av prosjektet, som viser milepålar, planlagde utanlandsopphald og korleis den obligatoriske opplæringsdelen er inkludert i planen. Det skal også leggjast ved eit budsjett som skildrar dei økonomiske rammene for prosjektet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 for meir informasjon om kva søknaden normalt skal innehalde. 

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: 

Ei stipendiatstilling skal leie fram til oppnådd doktorgrad og bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar ved høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, samt andre sektorar i arbeidslivet der forskingskompetanse er eit krav.

Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse.

Det er residensplikt for kandidatar tilsett ved fakultetet.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar innan musikkterapi/musikkvitskap vert tilsette ved Fakultet for kunst, musikk og design og vert tekne opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet (HF). Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. 

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk vil kandidaten bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt. Stipendiatar vil og bli knytt til relevante forskargrupper ved instituttet. 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan musikkvitskap. Graden må vere fullført innan søknadsfrist. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner 
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. 
  • Søkjarar blir vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter pkt. 2.1 i Ph.d.-programmet. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 540 500 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Dokumentasjon av formell kompetanse. Dette inkluderer vitnemål og karakterutskrift for fullført BA og MA, samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk. 
  • I tillegg: 
    • For utdanning i Norden/EU/EØS skal det leggjast ved Diploma Supplement. 
    • For utdanning utanfor Norden skal det leggast ved automatisk godkjenning i samsvar med HK-dir. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning. 
    • For utdanning utanfor EU/EØS vert det kravd godkjenning frå HK-dir
  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). 
  • Litteraturliste for prosjektskissa 
  • Framdriftsplan.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. 
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). 
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). 
  • Eventuelle publikasjonar eller tekstutdrag (inntil tre). 
  • Relevante attestar. 
  • Namn og kontaktinfo til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiar på masteroppgåva.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge.

NB! Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte, og det er ikkje høve til å ettersende. 

Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord, mob. +47 97514878, epost: randi.rolvsjord@uib.no 

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Randi Rolvsjord (Instituttleiar), +47 97514878, randi.rolvsjord@uib.no
Powered by Labrador CMS