LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid

Søknadsfrist: 01.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig stilling som stipendiat (100 %) i kunstnarleg utviklingsarbeid innan fagområdet utøvande og skapande musikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for kunstnarleg utviklingsarbeid av internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det stilles store krav til kunstnarleg innsikt og kompetanse, i samsvar med god akademisk skikk og etiske standardar.

Prosjektet må høyre inn under fagområdet utøvande musikk. Instituttet har studietilbod på BA- og MA-nivå innan klassisk, jazz, tradisjonsmusikk og komposisjon.

Vi ynskjer eit prosjekt som har fokus på interpretasjon av repertoar knytta til klassiske konvensjonar der partiturbasert framføringspraksis står sentralt. Prosjekt som søkjer eksperimentelle metodar for utforsking av korleis repertoar blir tolka og forstått er spesielt etterspurd, gjerne slik at etablerte praksisar vert utfordra og diskutert. Prosjekt som dekkjer fleire sjangrar er mogleg.

Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga ved ph.d. programmet, samt kunstnarleg verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarleg utviklingsarbeid ved institutt og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå: https://kmd.uib.no/no/forskning

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i forhold til liknande prosjekt og praksisar innen fag- og forskingsfelt, og godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen. Det skal og gjeres greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og samarbeidspartnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Vi oppmodar søkjarar å ta kontakt med ein aktuell rettleiar i fagmiljøet for å avklare relevans for forskingsmiljø og moglegheit for rettleiing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i utøvande musikk eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis og produksjon på høgt nivå.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane

For stillinga gjeld følgande:

Stipendiaten vert tilsett og tatt opp på ph.d.-program ved Fakultet for kunst, musikk og design.

Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % pliktarbeid. Pliktarbeidet kan vere i form av undervising, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Opplæringsdelen i ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid består av to emne: ein obligatorisk fellesfagleg del (20 studiepoeng) og en individuell del (10 studiepoeng). Fellesfaglig opplæringsdel er organisert gjennom Nasjonal forskarskole for kunstnarisk utviklingsarbeid.

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk vil kandidaten og få tilbod om å bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20:10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491.200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 5 sider (20.000 teikn)
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarisk verksemd i form av lyd- og/eller videoopptak
  • Dokumentasjon (vitnemål og attestar) av formell fagleg kompetanse
  • Tidsplan
  • Budsjett og finanseringsplan (sjå vår nettside)
  • Forslag til rettleiar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. +47 55 58 73 00 / +47 97514878

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS