Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst
Søknadsfrist: 30.01.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.08.2025
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi søker ein ph.d.-kandidat som kan utføre kunstnarisk utviklingsarbeid innanfor ramma av ei av instituttet sine forskingsgrupper i det tverrfaglege miljøet ved Kunstakademiet.
Prosjektet må vere knytt til ei av følgjande forskingsgrupper:
Kunstnarar som arbeider innanfor og/eller på tvers av disiplinane tekstil, grafikk og måleri vert spesielt oppmoda til å søkje.
Søkaren må kritisk vurdere samanhengen mellom prosjektet, vald forskingsgruppe og hovudmediet for det kunstnariske utviklingsarbeidet.
Instituttet vil halde eit nettbasert orienteringsmøte for stillingane tysdag 14. januar 2025 kl. 15:00 (CET). Delta på her.
Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga for ph.d.-programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved fakultetet, og inkorporere dette i utforminga av prosjektet. Meir info om ph.d. programmet ved KMD her.
Prosjektskildringa:
Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar og forskingsspørsmål, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 og rettleiing til prosjektskildring for meir informasjon om kva søknaden normalt skal innehalde.
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):
Ei stipendiatstilling skal leie fram til oppnådd doktorgrad og bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar ved høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, samt andre sektorar i arbeidslivet der forskingskompetanse er eit krav.
Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse.
Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid innanfor ei tidsramme på tre år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Det er residensplikt for kandidatar tilsett ved fakultetet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha bachelor- og masterutdanning innan relevant fagområde, til saman minimum 5 år. Graden må vere fullført innan søknadsfrist. Tilsvarande kompetanse kan unntaksvis vurderast i samsvar med kvalifikasjonsrammeverket, nivå 7.
Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis på høgt nivå.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 540 500 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
Dokumentasjon av formell kompetanse. Dette inkluderer vitnemål og karakterutskrift for fullført Bachelorgrad og Mastergrad, samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk.
I tillegg:
For utdanning i Norden/EU/EØS skal det leggjast ved Diploma Supplement.
For utdanning utanfor Norden skal det leggast ved automatisk godkjenning i samsvar med HK-dir. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
Namn og kontaktinfo til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiar på masteroppgåva.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge.
NB! Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte, og det er ikkje høve til å ettersende.
Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Katrine Hjelde, mob. +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no.
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.