Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Institutt for design
Søknadsfrist: 30.01.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Institutt for design er det ledig stilling som stipendiat (100 %) knytt til AI innan fagområdet visuell kommunikasjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.09.2025.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Framveksten av Kunstig intelligens (AI) påverkar samfunnet stadig meir, og det er viktig å undersøke forskjellige sider av denne teknologien. Samtidig som AI byr på mange moglegheiter, er det også utfordringar knytt til korleis teknologien vert nytta. AI kan brukast til å fremme eller generere innhald som kan forsterke globale omveltingar, men kan òg by på nye kunstnariske metodar og uttrykk.
Design – særleg visuell kommunikasjon – blir særskild påverka av AI. I designfeltet bør aktørar ha ei kritisk og undersøkande haldning til dei vidtrekkande konsekvensane som kunstig intelligens fører med seg.
Vi ser etter dyktige designarar innan visuell kommunikasjon som kan utføre kunstnarisk utviklingsarbeid knytt til AI, på eit høgt nivå.
I kunstnarleg utviklingsarbeid ved Institutt for design leggast det vekt på praksis som er reflekterande og prosessdriven. Kandidaten blir knytt til ei av instituttet sine forskingsgrupper. Her får kandidaten jobba saman med kollegaer frå eit breitt designfelt.
Instituttet har tre forskingsgrupper med ulike tematiske tyngdepunkt:
Sosial nytenking
Økologisk handlekraft
Teknologi og materialitet
Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga for ph.d.-programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved fakultetet, og inkorporere dette i utforminga av prosjektet. Meir informasjon om ph.d. programmet ved KMD her.
Prosjektskildringa:
Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar og forskingsspørsmål, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 og rettleiing til prosjektskildring for meir informasjon om kva søknaden normalt skal innehalde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha bachelor- og masterutdanning innan relevant fagområde, til saman minimum 5 år. Graden må vere fullført innan søknadsfrist. Tilsvarande kompetanse kan unntaksvis vurderast i samsvar med kvalifikasjonsrammeverket, nivå 7.
Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis på høgt nivå.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):
Ei stipendiatstilling skal leie fram til oppnådd doktorgrad og bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar ved høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, samt andre sektorar i arbeidslivet der forskingskompetanse er eit krav.
Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse.
Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid innanfor ei tidsramme på tre år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Det er residensplikt for kandidatar tilsett ved fakultetet.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 540 500 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
Dokumentasjon av formell kompetanse. Dette inkluderer vitnemål og karakterutskrift for fullført Bachelorgrad og Mastergrad, samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk.
I tillegg:
For utdanning i Norden/EU/EØS skal det leggjast ved Diploma Supplement.
For utdanning utanfor Norden skal det leggast ved automatisk godkjenning i samsvar med HK-dir. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.