LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Institutt for design

Søknadsfrist: 11.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat 

Ved Institutt for design er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) innan fagområdet møbel- og objektdesign. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.08.2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi søker etter forslag til kunstnarleg utviklingsarbeid der designpraksis er sentralt for å undersøke våre komplekse forbindelsar med omverda. Vi ser etter kandidatar som er dyktige utøvarar innan designområda møbeldesign, objektdesign eller interiørarkitektur, og som kan utføre forsking gjennom design.

Institutt for design prioriterer forskingsprosjekt som kan bidra til berekraftig utvikling, menneske- og miljøvenlege strukturar og materialar og humanistisk og etisk kommunikasjon, og som er knytt til eit av tre prioriterte forskingsområda ved instituttet:

  • Sosial nytenking
  • Økologisk handlekraft
  • Teknologi og materialitet

Kunstnarleg utviklingsarbeid ved Institutt for design skal vere reflekterande, prosessdriven og kritisk. På den måten vil vi generere ny kunnskap som svarar på dagsaktuelle utfordringar og behov innanfor ulike kulturelle, sosiale og politiske kontekstar. Vi ser etter ph.d.-kandidatar som vil tøye grenser og slik utfordre etablerte førestillingar om kva design kan vere og gjere.

Ved Institutt for design vil kandidaten få tilbod om å bli knytt til eit av instituttet sine tre prioriterte forskingsområde saman med kollegaer frå eit breitt fleirfagleg designfelt.

Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga ved ph.d. programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved fakultetet i utforminga av prosjektet. Meir info her

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 for ytterlegare informasjon. 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må normalt ha mastergrad i design eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg/designfagleg praksis på høgt nivå
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i stipendiatstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: 

Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid. Opptak til doktorgradsprogrammet i kunstnarleg utviklingsarbeid er eit vilkår for tiltreding i stilling som stipendiat. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Kandidaten skal gjennomføre obligatorisk fellesfagleg opplæringsdel i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år.

Fakultetet vil stille krav om residensplikt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 532 200 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på inntil 3000 ord
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarleg/design verksemd
  • Dokumentasjon av formell fagleg kompetanse. Dette inkluderer dokumentasjon på fullført BA OG MA med vitnemål, karakterutskrift
  • For utdanning i utlandet skal det leggjast ved Diploma Supplement (der det finns) samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk og Diploma Supplement manglar. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
  • Tidsplan
  • Budsjett (budsjettmal til nedlasting)
  • Namn og kontaktinfo til to referansar. Ein av desse må/bør vere hovudrettleiar på masteroppgåva 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge.

Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte.

Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleiar Mona Larsen, tlf: 905 00 972, e-post: mona.l@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS