LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Griegakademiet

Søknadsfrist: 11.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig stilling som stipendiat (100 %) innan fagområde utøvande og skapande musikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.08.2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for kunstnarleg utviklingsarbeid av internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det stilles store krav til kunstnarleg innsikt og kompetanse, i samsvar med god akademisk skikk og etiske standardar. Prosjektet må høyre inn under fagområdet utøvande og skapande musikk. Ved Griegakademiet famnar dette fagområdet ulike musikalske sjangrar. Instituttet har studietilbod på BA- og MA-nivå innan klassisk, jazz, tradisjonsmusikk og komposisjon.

Prosjektet bør ha ein tydeleg utøvande profil, og bidra til ny innsikt og ei utdjupa forståing av utøvande prosessar. Prosjektet må ha ei klar forankring i Griegakademiet si faglege profil og fagmiljøet si kompetanse. For den strategiske utviklinga på instituttet er vi særleg interessert i prosjekt som kan bidra til å utvikle ulike og innovative metodar og dokumentasjonsformer for kunstnarleg/musikalsk refleksjon innan fagområdet utøvande musikk.

Søknadar vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga ved ph.d.-programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved fakultetet i utforminga av prosjektet. Meir info her.

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 for ytterlegare informasjon.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må normalt ha femårig mastergrad i utøvande musikk eller tilsvarande utdanning. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis på høgt nivå.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i stipendiatstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

 Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid. Opptak til doktorgradsprogrammet i kunstnarleg utviklingsarbeid er eit vilkår for tiltreding i stilling som stipendiat. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

Kandidaten skal gjennomføre obligatorisk fellesfagleg opplæringsdel i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk vil kandidaten og få tilbod om å bli knytt til forskarskolen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, som samlar kandidatar frå eit breitt fleirfagleg musikkfelt.

Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år.

Fakultetet vil stille krav om residensplikt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i årsløn kr 532 200 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på inntil 3000 ord.
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarleg verksemd i form av lyd- og/eller videoopptak.
  • Dokumentasjon av formell fagleg kompetanse. Dette inkluderer dokumentasjon på fullført BA OG MA med vitnemål, karakterutskrift.
  • For utdanning i utlandet skal det leggjast ved Diploma Supplement (der det finns) samt autorisert omsetting dersom språket er eit anna enn nordisk/engelsk og Diploma Supplement manglar. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
  • Tidsplan.
  • Budsjett (budsjettmal til nedlasting).
  • Namn og kontaktinfo til to referansar. Ein av desse må/bør vere hovudrettleiar på masteroppgåva. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge.

Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte.

Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleiar ved Griegakademiet, Randi Rolvsjord, e-post: randi.rolvsjord@uib.no, tlf. +47 97514878

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS