LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i kunstig intelligens - syntetisk datagenerering

Søknadsfrist: 15.12.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stipendiatstilling i kunstig intelligens - syntetisk datagenerering, med særleg vekt på personvern, databeskyttelse og pålitlegheit. Stillinga er finansiert gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor, og knytt til prosjektet Accelerating Privacy and Data Protection Measures Using Synthetic Data Generation (ASPIRE). Stipendiatstillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med tilsetting i første kvartal 2025.

Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) ved Det psykologiske fakultet er eit læringsvitskapleg forskingssenter som driv tverrfagleg forsking på dei teknologiske, pedagogiske, kulturelle, etiske og juridiske delane ved læringsanalyse (LA) og kunstig intelligens i utdanning (AIED), og fremmer ansvarleg bruk av teknologi i utdanning. Som eit tverrfagleg senter strever vi etter å sjå forskingsutfordringar frå fleire perspektiv. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø beståande av rundt 23 personar, og alle tilsette må vere med å bidra til senteret sin suksess.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Framsteg innan datadrevne modellar på ulike områder som utdanning (læringsanalyse og kunstig intelligens i utdanning) og datadrevne helsetenester har blitt dreve fram av store datasett. Den stigande etterspørselen etter store datamengder fører med seg betydlege utfordringar, der personvernomsyn er blant dei mest kritiske. Tradisjonelle metodar som anonymisering og avidentifisering har blitt stadig meir sårbare for angrep, som hevar risikoen for at personopplysningar blir eksponert. Syntetiske data er derfor i ferd med å bli ein lovande og ny løysning som gir forskarar eit alternativ til ekte data, utan at det går på kostnad av personvernet eller eksponerer sensitiv informasjon.

Du vil delta i ASPIRE-prosjektet (Accelerating Privacy and Data Protection Measures Using Synthetic Data Generation), som har som mål å utvikle nye metodar for personvern og databeskyttelse ved å utnytte kunstig intelligens i syntetisk datagenerering. ASPIRE søker å medverke til eit påliteleg rammeverk for sikker datautveksling og ASPIRE-resultater vil kunne vere med å påverke utdanning, helsetenester og forsking på kunstig intelligens.

Det blir forventa at du, saman med ASPIRE-teamet, tilbyr nye perspektiv på å foreslå strenge personverngarantiar ved å integrere differensiert personvern og federert læring med syntetiske data. I tillegg vil det bli gjennomført ei evaluering av nytta av syntetiske data for å sikre at dei blir funksjonelle, samtidig som det blir lagt til eit ekstra lag med databeskyttelse.

Du må også

  • vere involvert i både forsking og sosialt samarbeid ved SLATE
  • delta i SLATE sine aktivitetar og bidra til senterets liv.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må på søknadstidspunktet ha ein mastergrad eller tilsvarande innan enten informasjonsvitskap, informatikk, informasjonssikkerheit, psykologi eller nærliggjande fagområde
  • Spesielle krav til stillinga:
    • solide programmeringsferdigheiter (f.eks. Python, R, GIT)
    • kjennskap til maskinlæring, dataanalyse eller djup læring
    • stor interesse for teknologiar som tek vare på personvernet 
  • Erfaring med generering av syntetiske data, differensiert personvern, anonymisering og/eller federert læring er ein føremon
  • Erfaring med AI generelt, utdanning, læringsanalyse eller helseteknologi og datahandtering er ein føremon
  • Du må kunne arbeide strukturert i tett samarbeid med rettleiar og ha evne til å samarbeide med andre
  • For opptak til doktorgradsprogrammet krevjast normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva di
  • Du må beherske engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Det er også viktig at du er motivert, og ønskjer både teamarbeid og forskingssamarbeid

Universitetet i Bergen er underlagt forskrifta for eksportkontrollsystemet. Forskrifta vil bli lagt til grunn i behandlinga av søknadene. Dersom universitetet ikkje har mottatt vurderinga fra Utanriksdepartementet innan 6-12 ukar etter søknad om eksportlisens, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting bli trekt tilbake. 

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga: 

Varigheita på stipendiatstillinga er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Du kan ikkje vere tilsett som stipendiat i meir enn éin åremålsstilling ved same institusjon. 

Om ph.d.-utdanninga:

 Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. 

Du finner meir informasjon om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Ei årslønn på 540 500 kroner før skatt (stillingskode 1017). Dette tilsvarar lønstrinn 55 i statens regulativ. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgebrev med ei kort utgreiing av dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Prosjektskisse (3-6 sider inkl. referansar). Eksempel på moglege forskingstema er utvikling av nye teoretiske og empiriske tilnærmingar, for eksempel modellar som forbetrar personvernet ved hjelp av syntetiske data; utvikling av gode empiriske metodar for å evaluere personvernbevarande modeller som implementerer syntetiske data; og utvikling av generative AI-modellar for å akselerere personvernet ved hjelp av syntetiske data, differensiert personvern og federert læring. Om du treng meir informasjon, kan du kontakte Dr. Khalil.
  • CV, inkludert ei publikasjonsliste (dersom tilgjengeleg)
  • Karakterutskrifter og vitnemål (høgare utdanning)
  • Dersom du har utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Du må i tillegg legge ved HK-dir(eller NOKUT) si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dirom at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld og for å laste ned stadfesting på dette: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no)
  • Namn og kontaktopplysningar til tre referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Relevante attestar
  • Publikasjonar som du ynskjer skal vere med i vurderinga av søknaden din 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Dette gjeld også dei vitskaplege arbeida du vil skal takast omsyn til ved vurderinga jf. siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Dr. Mohammad Khalil, Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, mohammad.khalil@uib.no, tlf. +47 412 09 272

Praktiske spørsmål om søknadsprosedyre: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS