LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Søknadsfrist: 12.10.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)

Vi ønskjer deg velkommen til å søkje på ei interessant og utfordrande stilling ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. 

Instituttet har ledig ei stilling som stipendiat innan fagområda helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Stillinga er for ein periode på 4 år med oppstart 01.02.2026 og knytt til det eksternt finansierte prosjektet «Trust and identity among European adolescents and emerging adults» (ENGAGED Youth). HEMIL er koordinator for prosjektet gjennom forskingsgruppa “Social Influence Processes on Adolescent Health” (SIPA).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

ENGAGED Youth skal undersøkje ungdom og unge vaksne si interesse for og deltaking i demokratiprosessar i lokalsamfunnet, nasjonalt og internasjonalt både gjennom fysiske møter og på sosiale medieplattformer. Prosjektet skal også studere kva rolle sosial, kulturell og politisk identitet spelar for ungdom og unge vaksne sitt engasjement og deltaking i lokalsamfunnet og demokratiske prosessar. Gjennom prosjektet skal det samlast inn kvalitative og kvantitative data frå fem partnarland (England, Noreg, Portugal, Romania og Spania). Vidare skal ungdom i samarbeid med tre frivillige organisasjonar i England, Portugal og Spania utforme forslag til politikarar om kva tiltak som er viktige for å engasjere ungdom i lokalmiljøet og i demokratiske prosessar. 

Fokusområdet for stipendiatstillinga vil vere knytt til betydninga av sosialt tilhøyre og identitet for demokratideltaking på ulike arenaer (som t.d sosiale medieplattformer, skule og fritid). Det vil vere aktuelt å bruke både nasjonale og internasjonale spørjeskjemadata i kombinasjon med kvalitative data. Ein fullstendig prosjektplan, inklusivt forslag til plan for gjennomføring av ph.d.-utdanning/framdriftsplan utarbeidast i samråd med rettleiarar etter tilsetting.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i helsefremjande arbeid, folkehelse, psykologi eller anna område som er relevant for temaet for stillinga
  • Karakteren B eller betre er rettleiande norm for hovud-/masteroppgåve, evt. som gjennomsnittskarakter for graden, i samband med opptak til doktorgradsutdanninga. Søkarar med svakare karakterbakgrunn vil kunne bli tattopp dersom det kan dokumenterast at søkaren er særskilt eigna til ei ph.d.-utdanning
  • Erfaring med kvantitative analyser er eit krav. Kjennskap til eller erfaring med kvalitative analyser er ein fordel
  • Erfaring frå forskingsprosjektarbeid er ein fordel
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Ha gode ferdigheiter i engelsk og norsk, både skriftleg og munnleg

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: 

Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Undervisninga i stillinga vil vere knytt til Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Det er venta at kandidaten bidrar i arbeidet knytta til forskningsgruppa SIPA. 

Om forskarutdanninga: 

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Ved vurdering av kvalifikasjonane dine for stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 568 700. brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare løn bli vurdert
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Prosjektskisse med forslag til tematisk fokus og metodisk tilnærming (maks 5 sider, inkl. referanseliste)
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegga som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga, i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Professor Oddrun Samdal, oddrun.samdal@uib.no, mobil 97070904

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS