LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiatstilling i biologisk oseanografi

Søknadsfrist: 03.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i biologisk oseanografi

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i biologisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år med pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskargruppa Teoretisk økologi og prosjektet “How can fisheries contribute more to a sustainable future?” finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga høyrer til eit prosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd i kategorien kompetanse- og samarbeidsprosjekt (KSP) mellom akademia (Universitetet i Bergen), industrien (Fiskebåt), ideelle organisasjonar (Natur og Ungdom) og statsforvaltinga (Fiskeridirektoratet). Internasjonalt er RISE Research Institutes of Sweden, Umeå Universitet (Sverige), Universitetet i Vigo (Spania) og University of Washington (USA) med. Meir informasjon kan ein finne på prosjektet sine nettsider.

Utgangspunktet for prosjektet er observasjonen at sjølv om halvparten av fotosyntesen skjer i havet, så bidreg havet med berre 2% av maten til menneska, eller om lag 6% om ein reknar på protein. Ved å ta eit steg tilbake og bruke systemteori vil prosjektet ta føre seg fiskeria, sjå bort frå organiseringa slik praksis er i dag, og spørje korleis dei kunne sett ut om FNs berekraftsmål, Pariskonvensjonen om klima, og Konvensjonen om biomangfald definerte fiskeria sine mål om å maksimere matproduksjon med minst mogleg fotavtrykk.

Prosjektet finansierer fire rekrutteringsstillingar, to ph.d.- og to postdoktorstillingar, som byrjar samstundes og skal jobbe tett saman som eit lag, der kvar og ein har særskilte oppgåver og ansvar. I tillegg til ph.d.-stillinga i denne utlysinga skal prosjektet modellere og analysere auka hausting på dei små pelagiske artane, kritisk gå gjennom konsekvensar for biodiversitet, forbetre trofisk-teori, måle verdiar og haldningar om natur og matproduksjon i befolkninga og analysere dei psykologiske mekanismane som får ein til å endre haldning.

Utlysinga til alle fire stillingane finn ein på desse lenkene:

  • Ei Ph.D.-stilling i biologisk oseanografi som skal rekne på kor stor primærproduksjonen er og overføringa til høgre nivå i næringskjeda med vertikalt oppløyste vasskolonnemodellar (denne utlysinga, Institutt for biovitskap, UiB)
  • Ei Ph.D.-stilling i psykometri som skal kartleggje personlege verdiar og haldningar til matproduksjon på land og til havs, inkludert drivarar (Institutt for psykososial vitskap, UiB)
  • To postdoktorstillingar: A) Modellere og analysere økosystemkonsekvensar av alternative tilnærmingar til å hauste sjømat der klimaavtrykket er lågare; og B) Integrere modellerte konsekvensar på tvers av sjø- og landbasert matproduksjon for å identifisere vegar som kan føre til global berekraft (Institutt for biovitskap, UiB).

Dette Ph.D.-prosjektet vil utforske og vidareutvikle ein eksisterande mikrobiell næringsnettmodell som blei laga for den fotiske sona av T. F. Thingstad (UiB) og kollegaer. Modellen tek føre seg tre konkurrerande mikrobielle vegar som påverkar energiflyt til høgre nivå i næringsnettet, oppløyst organisk materiale (DOM), og karboneksport. Prosjektet skal sjå nærare på ei av dei skjulte vegane frå næringssaltar til mesopelagisk fisk som ofte er utelete i dei klassiske NPZ-modellane (Nutrients-Phytoplankton-Zooplankton), og utforske korleis denne vegen påverkar trofisk overføringseffektivitet og berekraft blant fiskane. For å få til dette må ein utvide modellen til ei vasskolonne (frå 0D til 1D) og leggje til nødvendige tilstandsvariablar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad i naturvitskap, eller tilsvarande utdanning frå utlandet. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 31.12.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Utdanning i eller erfaring med marin økologi og/eller oseanografi eller andre relevante disiplinar er å føretrekke.
  • Erfaring med programmering (helst i Matlab og Fortran) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og kunne vise til gode samarbeidsevner. Prosjektet satsar på tett samarbeid.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial, slik det kjem fram i motivasjonsbrevet og intervjua, vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år med pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjend utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • eit motivasjonsbrev som kort greier ut om søkjaren sine forskingsinteresser og kvifor du søkjer denne stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Siste mastergradseksamen må vere seinast 31.12.2021.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Les meir om tilsettingsprosessen her.

Søk på sttillingen

Powered by Labrador CMS