Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” AIRE, IL-12 and interferon-g; Drivers of immune tolerance and T cell function” ”, finansiert av NFR.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet tar utgangspunkt i korleis AIRE, IL‑12 og IFN‑γ samarbeider for å etablere immunologisk toleranse i tymus, og korleis svikt i disse mekanismane kan føre til autoimmune sjukdommar. AIRE‑mutasjonar gir alvorleg autoimmunitet, og både musemodellar og pasientdata viser forstyrringar i IL‑12/IFN‑γ‑signalering. Prosjektet søker å forstå korleis disse faktorane påverkar tymus, T‑celleutvikling og immuntoleranse, og undersøker om målretta modulering av IL‑12/IFN‑γ‑aksen kan gjenopprette immunbalanse. Dette kombinerer grunnforsking, genetikk og translasjonell immunologi.
Stillinga inneber arbeid med avanserte musemodellar, inkludert en ny kombinert AIRE‑ og IL‑12‑defisient modell for å studere autoimmunitet. Du vil utføre analyser av tymus, T‑celler og perifere immunceller ved hjelp av flowcytometri, single‑cell RNA‑sekvensering og CODEX‑basert vevsavbildning. Arbeidet inkluderer også funksjonell karakterisering av genetiske variantar identifisert i pasientkohortar, samt testing av immunmodulerande legemidlar som påverkar IL‑12/IFN‑γ‑signalering.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarende innen feltet molekylærbiologi, immunologi, cellebiologi eller biomedisin eller tilsvarende.
Kandidaten må ha dokumentert laboratorieerfaring frå eit molekylærbiologisk laboratorium.
Erfaring med relevante eksperimentelle metodar som flowcytometri, immunologiske analysar eller kvantitativ PCR vil bli vurdert som positivt.
Interesse for eller erfaring med dyreforsøk vil bli vurdert som positivt
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
Eventuelle publikasjonar (pdf)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Bergithe E. Oftedal, e-post: bergithe.oftedal@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.