Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet: Tidlige epimutasjoner og kvinnekreft, finansiert av Universitetet i Bergen og Trond Mohn Stiftelse
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet fokuserer på tidlige epigenetiske endringar som skjer på fosterstadiet, og som gir risiko for kreft i voksenlivet. Dei overordna målene for prosjektet er å identifisere årsaker til at slike endringar oppstår (herunder genetiske årsaker og effekter av miljøpåvirking), og å identifisere kva for effekt dei samme endringane har for kreftutvikling og forløp av kreftsjukdom (herunder effekt av ulike typar behandling).
Det praktiske arbeidet vil bestå av avanserte metodar innan molekylærbioloi, som t.d. høgsensitiv metyleringsspesifikk sekvensering, stamcelledyking, laser mikrodisseksjon og høgsensitiv måling av miljøgifter i pasientmateriale
Prosjektet vil omfatte analyser av fleire ulike typar celler (dvs. frå ulike organ, men også både friske celler og kreftceller), frå friske kontrollar og kreftpasientar.
Den som vert tilsett vil leie sine eigne sub-prosjekt, men jobbe tett saman med andre stipendiatar og forskarar som arbeider med tilsvarande problemstillingar.
Den som vert tilsett vil bli knytta til Brystkreftgruppa og ha arbeidsstad ved Mohn Kreftforskingslaboratorium og K.G.Jebsen senter for epimutasjonar i kreft ( Mohn kreftforskningslaboratorium | UiB ). Forskingsgruppa består av omlag 15 tilsette, og jobbar tett integrert med Kreftklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i molekylærbiologi, cellebiologi, bioinformatikk eller tilsvarande, eller ha medisinsk embetseksamen.
Den som vert tilsett må ha relevant erfaring frå arbeid med nukleinsyrer, epigenetikk, celledyrking, bioinformatiske verktøy, og / eller kreftrelevant klinisk erfaring.
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
Den som vert tilsett må ha sterk motivasjon for translasjonell kreftforsking
Den som vert tilsett må ha sterk evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
Den som vert tilsett må beherske engelsk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
Eventuelle publikasjonar (pdf)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte professor Stian Knappskog, e-post: stian.knappskog@uib.no, tlf. 55976447.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.