LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Sosiologisk institutt

Søknadsfrist: 30.04.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Stipendiat

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Sosiologisk institutt. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet. Arbeidsstad for denne stillinga er i Bergen.

Sosiologisk institutt høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø som og omfattar samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har eit omfattande undervisningsansvar som inkluderer eitårsstudium, eit bachelor- og masterprogram og eit lektorprogram i samfunnsfag. Arbeidet ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar og representerer i dag ein brei forskingsprofil, mellom anna forsking om velferd, ungdom, familie, livsløp, mobilitet, ulikskap, migrasjon, kjønn, klasse, elitar, og utdanning. Søkjarane vert bedne om å orientere seg om forskingsprofilen ved instituttet i utforminga av prosjektet:http://www.uib.no/sosio/38157/forskningsprofil

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i sosiologi. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.
  • Motivasjon for å undervisa i emna våre, både på BA og MA nivå.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Arbeidsstaden for stillinga er Bergen, og arbeidet føreset at ein i kvardagen er fysisk til stades ved Sosiologisk institutt.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): 

Samla stipendiatperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Stilling som stipendiat (kode 1017) med årsløn kr. 568 700, - brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging.
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stilling.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Prosjektskildring.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 30. april 2026. Søknaden må merkast: 26/791.

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Katharina Sass – katharina.sass@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei – gudrun.horvei@uib.no

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til Elina Troscenko (elina.troscenko@uib.no).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS