LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Klinisk institutt 2

Søknadsfrist: 29.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Stipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” Storstilt karakterisering av moglege behandlingsmål for pasientar med høg-risiko livmorhalskreft”, finansiert av Kreftforeningen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

PhD kandidaten vil være del av eit forskingsprosjekt som er finansiert av Kreftforeningen. Målet med prosjektet er å oppdage nye behandlingar for kvinner som lir av dei mest alvorlege formane for livmorhalskreft. Første delmål er å etablere og karakterisere organoidkulturar frå pasientmateriale. Vidare skal kandidaten nytta eit såkalla CRISPR-Cas12 screen for å oppdage nye kreftgen. Ved hjelp av målretta såkalla ‘drug screen’ vil medikament som er sensitive til ulike kreftgen og genomiske endringar avdekkjast. Sensitiviteten og spesifisiteten til desse behandlingsstrategiane skal testast vidare ved hjelp av funksjonelle såkalla ‘knock-out’ studier in vitro og i PDX musemodellar ved Yale Universitet (Connecticut, USA).

Arbeidsoppgåver:

  • Etablering av 3D cellekulturer (organoidar) fra pasientvev
  • DNA og RNA isolering frå kreftsvulstar og organoidar
  • Molekylær og genomisk karakterisering av organoidar
  • ‘Genome-wide’ og ‘minipool’ CRISPR-Cas screen
  • Målretta ‘drug screen’
  • Funksjonell validering in vitro og i PDX

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i biomedisin, molekylærbiologi, cellebiologi, farmasi, bioteknologi, medisinsk teknologi, medisin eller tilsvarande.

  • Erfaring frå relevante molekylærbiologiske- eller cellebiologiske metodar er naudsynte
  • Erfaring frå kreftforsking vil telje positivt
  • Erfaring med genomanalyse av kreftsvulstar og programmering vil telje positivt
  • Dokumentert erfaring og utdanning innanfor forsøksdyrlære (for eksempel LAS301) vil telje positivt
  • Erfaring med publisering av vitenskapelige arbeid vil telje positivt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå krav til dokumentasjon

For stillinga gjeldt følgande:

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB

Sjå krav om engelsk-kunnskapar her.

Forskarutdanning (Ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Mari Kyllesø Halle, e-post: mari.halle@uib.no tlf.: 99 59 65 97

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS