LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 02.072026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein
periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Effekt på etablerte leddsmerter ved inntak av
ketolinsyre fra pelagisk fisk (KETO-LEDD)”, finansiert av Fiskeri- og Havbruksnæringens
Forskningsfinansiering (FHF).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Prosjektet skal undersøke om ulike fiskeoljer har forskjellig påverknad på smerter og
    inflammasjonsgrad i friske vaksne med milde til moderate leddsmerter og i vaksne pasientar
    med artritt

  • Det praktiske arbeidet inkluderer planlegging og gjennomføring av kliniske studie med
    kosttilskot (fiskeolje)

  • Stipendiaten vil arbeide saman med prosjektgruppa for tolking av prøvesvar og publisering
    av vitskapelege artiklar

  • Stipendiaten vil ha ansvar for kontakt med og oppfølging av friske deltakarar og pasientar,
    og det er difor viktig av den som vært tilsett beherskar norsk munnleg og skriftleg på eit
    høgt nivå

  • Den som vert tilsett vil bli knytt til Senter for ernæring og ha arbeidsplass ved Klinisk institutt 1

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarende innen feltet klinisk ernæring.

  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt

  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,

  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt

  • God skriftleg og munnleg norsk og engelsk, sjå dokumentasjonskrav for engelsk

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB


Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet 

Forskarutdanning (Ph.d.-programmet)

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø

  • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.)

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga

  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar

  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga  (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din 

  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar

  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til

  • Eventuelle publikasjonar (pdf)

  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte professor Oddrun Anita Gudbrandsen, e-post: nkjgu@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

 Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS