LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi

Søknadsfrist: 25.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat for ein åremålsperiode på tre år med moglegheit for eit fjerde år som består av karreierefremmande arbeid (t.d. undervisingsoppgåver ved instituttet). Stillinga har planlagt oppstart i løpet av 2025 og er finansiert av Universitetet i Bergen. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Forskingsprosjektet skal ha fokus på korleis ein kan møte psykiske helsebehov hos befolkninga i Gaza. Sidan situasjonen i området er uføreseieleg, skal prosjektet vere retta mot lokalt og internasjonalt rekruttert personell som spelar nøkkelroller i det humanitære arbeidet, samtidig som også dei er utsette for svært krevjande situasjonar med fare for eige liv og helse. Prosjektet tar utgangspunkt i intervensjonen Problem Management+ (PM+) der hjelpearbeidarar får opplæring i å gi psykososial hjelp til lokalbefolkninga og til andre hjelpearbeidarar. 

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP), Universitetet i Bergen, men vil også ha rettleiing ved Institutt for klinisk psykologi. Arbeidsstad er Bergen, Norge. Det kan bli aktuelt med ei eller fleire reiser til regionen i løpet av stipendiatperioden. Stipendiaten vil vere del av Forskningsgruppe for kulturelt mangfald i samfunn og arbeidsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Sette seg inn i kunnskapsfeltet knytt til psykososiale intervensjonar for lokal befolkning og humanitære hjelpearbeidarar i naud- og konfliktområde.
  • Samle inn og analysere data frå lokalt og internasjonalt rekrutterte humanitære hjelpearbeidarar, ved bruk av kvalitative og kvantitative metodar.
  • Samarbeide tett med aktørar i humanitære organisasjonar og lokale hjelpearbeidarar i alle fasar av prosjektet.
  • Publisere og formidle forskingsresultat internasjonalt og nasjonalt.
  • Stipendiaten er forventa å bidra til alle delar av forskingsprosjektet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi eller andre relevante helseutdanningar. 
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til ph.d.-utdanninga. 
  • Kjennskap til lokal kultur på Gaza ein fordel.
  • Erfaring med både kvantitative og kvalitative metodar vil bli vektlagt.
  • Søkjaren må ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere fleksibel, tilpassingsdyktig og ha gode evne til å samarbeide i eit tverrfagleg og internasjonalt miljø. 
  • Stillinga krev robustheit og evne til å handtere krevjande situasjonar som involverer andre menneske sine vonde opplevingar.
  • Stillinga krev høg grad av kulturell sensitivitet. 
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli tillagd stor vekt og kan i ei totalvurdering vera viktigare enn mengde forskingserfaring. 
  • Det er eit krav om svært gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk
  • Ferdigheiter i arabisk språk er ein fordel.

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga:

 Samla stipendperiode er tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervising) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervising, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om ph.d.-utdanninga: 

Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert for opptak til ph.d.-programmet. Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til tre referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka 
  • Viktig: Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved HK-dir (eller NOKUT) si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld og for å laste ned stadfesting på dette: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no)
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Professor Gro Mjeldheim Sandal ved Institutt for samfunnspsykologi: Gro.Sandal@uib.no, tlf. +47 55588685 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS