LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat ved Det juridiske fakultet innen EØS-trygderett

Søknadsfrist: 15.06.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Stipendiat

Ved Det juridiske fakulteter det ledig ei stilling som stipendiat knytt til Senter for europeisering av norsk rett (CENTENOL) og prosjketet EØS-trygderett.

Ph.d.-prosjektet skal bidra til kunnskapsutvikling om europeiseringa av trygderetten i Noreg.

Om prosjektet:

CENTENOL forskar på korleis EØS-retten påverkar Noreg, mellom anna gjennom analysar av Noregs rolle i EØS-samarbeidet og tilknytinga til EU. Forskinga omfattar særlege problemstillingar innan trygderett, innvandringsrett og arbeidsrett. Kandidaten vil vere knytt til arbeidspakke 1 der forskinga er retta mot den komplekse samverknaden mellom EØS-retten og trygderetten. Eit sentralt tema er forholdet mellom den generelle retten til fri rørsle etter EØS-retten og koordineringa av nasjonale trygdeordningar. Kandidaten vil òg vere kopla til prosjektet EØS trygderett, som har som hovudmål å kartlegge dei føringane EØS-retten legg på norsk trygdeforvaltning. Prosjektet undersøkjer også moglegheitsrommet for å praktisere norsk trygdelovgiving på ein måte som samsvarer med EØS-retten.

Ønska oppstart i stillinga er 1. september 2026. 

Om stipendiatstillinga:

Normal åremålsperiode for stillinga er tre år med moglegheit for utviding inntil eitt år. Avgjerda om utvida tid, som skal nyttast til karrierefremmande arbeid som mellom anna undervisning og arbeid i tilknyting til forskingsprosjekt, skal vurderast særskilt etter søkarens kvalifikasjonar. Avgjerda treffast innan seks månader etter tilsetting. Undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet er til vanleg norsk. 

Som stipendiat skal du delta ifakultetetsutdanningsprogram forph.d.-graden.innanfor ei tidsramme på tre år. Fakultetet sitt doktorgradsprogram gjennomførast på norsk eller engelsk, avhengig av behova i ph.d.-gruppa.

I tillegg til å fylle kravet for tilsetjing, må søkjarane også fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program. Fakultetet utnemner rettleiar for kandidaten ved tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Du må ha kunnskap om og interesse for EØS-rett. Kunnskap om norsk og europeisk trygderett er ein føremon, men ikkje eit krav. 
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid. 
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert. 
  • Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget og fagmiljøet. 
  • Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk), så vel munnleg som skriftleg. 

Arbeidsoppgåver 

  • Du skal arbeide med og levere ei doktoravhandling (artikkelbasert eller monografi). 
  • Du skal ta del i ph.d.-programmet og gjennomføre ph.d.-utdanninga ved Det juridiske fakultet.
  • Du skal bidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap omprosjektene stillingen er tilknytta på relevante arenaar.
  • Du skal delta på og være med å organisere aktivitetar i CENTENOLog EØS trygderett, i tett samarbeid med dei andre prosjektmedlemane.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei prosjektomtale på minimum 7 sider og maksimum 10 sider inkludert litteraturliste. Ho skal innehalde ei utgreiing om tema og ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiing til søkjarar til stipendiatstilling.
  • Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). 
  • Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen).
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar
  • Full versjon av masteravhandlinga. Den må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt.
  • Eventuelle vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste). Publikasjonar utover mastergraden er ikkje eit krav.
  • Det er eit føremon om søkjaren legg ved namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva/doktoravhandlinga.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia, vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir.sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Søkjarar med anna morsmål enn norsk (eller eit anna skandinavisk språk) må òg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at dei har språkkunnskapen som krevjast for stillinga.

Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk. All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorgevia lenkje på denne sida merka «Søkstillingen».

Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Fakultetet tilbyr: 

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd) 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Vurderinga av søkjarane vil leggje vekt på kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen for tematikken i utlysinga. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre ph.d.-programmet og bidra til fagmiljøet ved fakultetet. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen finn du her.

  • Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til: 
  • Senterleiar, Professor Christian Franklin: Christian.Franklin@uib.no 
  • Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsetjingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS