LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i laboratorieundervisninga

Søknadsfrist: 01.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat knytt til kvalitetsfremjande tiltak i laboratorieundervisninga

Ved Kjemisk Institutt er det ledig ei stilling som stipendiat innan utdanningsforsking for å studere kvalitetsfremjande tiltak i kjemilaboratorieundervisninga i høgare utdanning. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Kjemisk institutt (KI) tilbyr utdanningsprogram innan kjemi, nanoteknologi og medisinsk teknologi – i tillegg er instituttet partner institutt for utdanning i farmasi, energi og lektor. Kjemi er et fagfelt med tverrfagleg nytte og sentralt i STEM-utdanningane, og studentar frå eit stort spekter av studieprogram kjem til instituttet for å lære seg kjemien dei treng – ofte i tidlege stadium av studieløpet.

Det eksperimentelle kjemi-laboratoriet er ein viktig læringsarena på KI. Denne arenaen hjelper studentane med å knyte saman teori, observasjonar og praksis, samt utvikle nødvendige tekniske ferdigheiter for framtidig arbeid. Undervisningsopplegg med førebuande lab-førelesingar, lab-øvingar og rapportskriving har vore standard gjennom fleire tiår, men inspirert av nye studentaktive undervisningsformer er instituttet i ferd med å ta nye steg også i bruken av laboratoriet som ein sentral læringsarena for kjemiske fag.

Kjemi-laboratoriet som læringsarena er difor eit overordna forskingstema hos KI, med pågåande aktivitet i ulike studiekvalitetsprosjekt. CoChem-prosjektet er eitt av desse studiekvalitetsprosjekta, som er i tidleg fase. Prosjektet har som mål å auke studentane sitt læringsutbyte knytt til kjemi-laboratoriet ved å fremje samarbeidslæring, eller “cooperative learning” (CL). Prosjektet fokuserer på å utvikle studentane sine samarbeidsevner og styrke ein inkluderande samarbeidskultur. I dette prosjektet ynskjer ein også å undersøke studentane si kjensle av tilhøyrsle, i tillegg til tverrgåande ferdigheiter og akademiske prestasjonar.

Stipendiaten vil

  • Studere implikasjonar av ulike tiltak for pedagogisk utvikling og studiekvalitet på individ- , institutt-, institusjon-, og sektornivå innan forskingstemaet «Kjemi-laboratoriet som læringsarena». Derunder vil CoChem prosjektet vere sentralt, men også andre prosjekt vil vere aktuelle.
  • Undersøke samanhengar mellom undervisarane og studentane sine haldningar, motivasjon, praksisar, og læringsutbyte, i samarbeid med andre partnerar i prosjektet
  • Analysere data, skrive og publisere vitskaplege artiklar
  • Vere ein aktiv del av studiekvalitetsarbeidet på KI

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Krav:

  • søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i pedagogikk, psykologi, lektor med naturfagleg bakgrunn eller anna relevant naturfagleg fagfelt med interesse for pedagogikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • må ha gode norskkunnskapar

Føremon:

  • Erfaring frå utvikling og analyse av høgare utdanning samt undervisning
  • Erfaring frå eller kompetanse innan bruk av kvantitative metodar innan utdanningsforsking
  • Erfaring frå eller kompetanse innan bruk av spørjeundersøkingar i utdanningsforsking
  • Erfaring frå vurdering av læring og læringsutbyte
  • Erfaring frå undervisning
  • Erfaring frå kjemilaboratoriet

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev med ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga
  • eit perspektivdokument (maksimalt 2 sider) der du gjer greie for dine forskingsinteresser og forskingskompetanse inn mot prosjektet.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institutsjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.07.2024.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Utdanningsleiar ved Kjemisk institutt, Førsteamanuensis Monica Jordheim, 55 58 35 48, monica.jordheim@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjever Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS