Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, K1 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Stillinga er knytt til K.G. Jebsensenteret for Parkinson sykdom, og er finansiert av Universitetet i Bergen
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
I dette prosjektet er målet å fremje den mekanistiske forståinga av Parkinson sjukdom (PD) og identifisere nye behandlingsmål, samt biomarkørar som bidrar til tidleg diagnose, prognose og molekylær stratifisering, og som til slutt gjer persontilpassa medisin mogleg. Forskning frå forskingsgruppa har allereie identifisert PD-undergrupper basert på profilering av genuttrykk og immunohistokjemi av postmortem hjernevev. Kandidaten vil analysere multiomikk-data, inkludert genomikk, epigenomikk, transkriptomikk (RNA-sekvensering og enkeltcelle RNA-sekvensering) og proteomikk-data frå fleire vev frå godt karakteriserte PD-kohortar. Mange av desse data er allereie tilgjengelege, medan andre vil bli genererte basert på pågåande funn i prosjektet. Viktige eksempel på eksisterande (analyseklare) data inkluderer:
Det for tida største RNA-sekvenseringsdata settet frå PD-hjernevev, inkludert prøvar frå meir enn 1 300 enkeltpersonar.
Multiomikk-data sett inkludert heilgenom-sekvensering, histon ChiP-seq, DNA-metylering, RNA-sekvensering og proteomikk frå dei same ~100 hjerneprøvane.
Eit av dei største enkeltkjerne RNA-sekvenseringsdata settet til dags dato frå fleire nevrodegenerative sjukdomar. Ein unik fordel med vår forskingsgruppe er at vi driv kliniske studiar parallelt med omikk-eksperimenta våre, og mange av omikk-dataa våre kjem frå godt karakteriserte kohortar. Dessutan er det ein kort veg frå grunnforskinga vår til klinikken, der lovande funn frå grunnforskinga vår blir testa i kliniske studiar. Kandidaten vil derfor jobbe i ein svært givande omgjevnad og delta i heile sirkelen av translasjon frå grunnforsking til klinikk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i bioinformatikk, datavitskap, statistikk/biostatistikk, eller relaterte felt
Dokumentert erfaring med skripting og/eller programmering (R, Python, Perl, C/C++, eller liknande) og kjennskap til UNIX-baserte system
God kjennskap til statistikk
Kandidaten bør kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andre
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit PhD-prosjekt
Søkjar må kunne kommunisere flytande på engelsk, både munnleg og skriftleg, sjå dokumentasjonskrava
ANBEFALT
Praktisk erfaring med omikk-dataanalyse (transkriptomikk, proteomikk, osb.)
Erfaring med utvikling av bioinformatikk-pipeliner
God forståing av datastrukturar, datamanipulasjon og visualisering
Erfaring med skyløysingar
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil bli vurdert som positivt
Erfaring frå feltet nevrovitskap, særleg neurodegenerasjon, vil bli vurdert som ein fordel
Grunnleggjande forståing av molekylærbiologi vil bli vurdert som ein fordel
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkere med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning fra EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om NOKUT-vurdering, se Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Om forskarutdanninga:
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.