LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat - Institutt for økonomi

Søknadsfrist: 10.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for økonomi.

Institutt for økonomi søker etter svært motiverte og dyktige personar. Doktorgradsutdanninga i økonomi tar sikte på å gi dedikerte kandidatar en solid opplæring i å utføre forsking av høy kvalitet innan økonomi. Utdanninga forbereder kandidatane til det internasjonale akademiske arbeidsmarknaden, til stillingar ved nasjonale og internasjonale politiske institusjonar, forskingsorganisasjonar og analytiske jobbar i både privat og offentleg sektor.

Institutt for økonomi har en vitskapeleg stab på rundt 20 personar, i tillegg til postdoktorar og PhD-studentar. Instituttet tilbyr to 5-årige integrerte masterprogram i tillegg til et bachelor- og et masterprogram i økonomi.

Instituttet har tre forskingsgrupper:

• Velferd, arbeid og helse

• Konkurranse og finans

• Politisk økonomi

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i samfunnsøkonomi eller finans. Graden må vera oppnådd før oppstart i stillinga i august 2023.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Aktuelle kandidater vil bli innkalla til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120

studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (2-4 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Vi tilbyr:

  • Løn for tida kr 532 200,- (kode 1017, lønssteg 54) i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar professor Tommy Staahl Gabrielsen, tommy.gabrielsen@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Bodil Hægland, bodil.hagland@uib.no

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar: Hanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS