Stipendiat innan nevropsykologi og perinatal / nevrologisk farmakoepidemiologi
Søknadsfrist: 21.09.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Stipendiat innan nevropsykologi og perinatal/nevrologisk farmakoepidemiologi ved Klinisk institutt 1
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fullt finansiert, treårig stipendiatstilling i eit tverrfagleg forskingsprosjekt som har som mål å betre tryggleiken ved bruk av anfallsforebyggende legemidlar (epilepsimedisinar, antiseizure medications, ASMs) hos kvinner i fruktbar alder. Stillinga er knytt til prosjektet SAFE ASM – Safe Treatment for Women needing Antiseizure Medications – a Multimodal Translational and Epidemiological Approach, finansiert av Trond Mohn forskingsstifting og Universitetet i Bergen.
Prosjektet tek føre seg dei store kunnskapsmanglane knytta til risikoar ASMs kan medføre for fosteret under svangerskap. ASMs vert ofte nytta i behandling av epilepsi, bipolare lidingar, smerte og andre nevrologiske og psykiatriske tilstandar. Nokre ASMs er kjende for å auke risikoen for medfødde misdanningar og nevro-utviklingsforstyrringar, men dei fleste nyare medisinar er ikkje tilstrekkeleg undersøkte med tanke på tryggleik i svangerskap. Målet med prosjektet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget og bidra til tryggare behandling for kvinner.
Prosjektet er organisert i tre arbeidspakkar:
Arbeidspakke 1 skal analysere store registerdata frå dei nordiske landa og England for å kartleggje tryggleiken ved nyare ASMs.
Arbeidspakke 2 skal undersøkje genetiske, epigenetiske og farmakologiske markørar for risiko ved bruk av ASMs, basert på data og biobankmateriale frå Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa).
Arbeidspakke 3 skal vurdera tryggleiken ved nyare ASMs i ein europeisk, prospektiv, multisenter kohortstudie. Her vil ein følgje barn fødde av mødrer med epilepsi, med fokus på nevro-utvikling og epigenetiske mekanismar knytte til teratogen effekt.
Det langsiktige målet er å utvikle verktøy for tidleg oppdaging av teratogen risiko og leggje til rette for meir presis og trygg behandling. Prosjektet vert leia av Bergen Epilepsy Research Group (BERG HEAD) i tett samarbeid med leiande forskingsmiljø i Europa.
Vi søkjer ein motivert kandidat med bakgrunn innan nevropsykologi/psykologi, medisin, farmakologi, farmakoepidemiologi, folkehelse, statistikk, nevrovitskap, molekylær biologi, biostatistikk, eller anna relevant fagfelt. Stillinga gir svært gode høve for vitskapleg utvikling i eit internasjonalt forskingsmiljø.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Dei konkrete arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa kandidaten si bakgrunn, kvalifikasjonar og forskingsinteresser, men vil omfatte:
Bidra til den prospektive, multisenter kohortstudien (arbeidspakke 3), i tett samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar. Avhengig av kandidaten si faglege bakgrunn, kan dette inkludere:
Innsamling av nevrologiske data
Nevropsykologisk testing av små barn (<3 år)
Koordinering og praktisk organisering av studieaktivitetar
Dataanalyse med bruk av avanserte statistiske og epidemiologiske metodar
Skriving og publisering av vitskaplege artiklar i fagfellevurderte tidsskrift
Presentasjon av funn på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar
Formidling av forsking til eit breiare publikum, inkludert gjennom sosiale medium, offentlege foredrag og tradisjonelle mediekanalar
Deltaking i metodeutvikling innanfor nevroutviklingsvurdering eller validering av biomarkørar
Involvering i søknadsskriving og internasjonalt forskingssamarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande innan feltet nevropsykologi / psykologi, medisin, farmakologi, farmakoepidemiologi, folkehelse, statistikk, nevrovitskap, molekylær biologi, biostatistikk, eller anna relevant fagområde
Vi ser etter ein sterkt motivert og sjølvstendig kandidat med stor interesse for klinisk forsking, nevroutvikling og kvinne- og barnehelse. Den ideelle kandidaten har:
Påkravde kvalifikasjonar:
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
Erfaring med dataanalyse og kjennskap til statistisk programvare (t.d. R, STATA)
Søkjar må meistre engelsk godt, både munnleg og skriftleg (sjå krav til dokumentasjon)
Evne til å arbeide både sjølvstendig og strukturert som del av eit tverrfagleg og internasjonalt team
Ønskte kvalifikasjonar:
Ferdigheiter i testing innan nevropsykologi eller psykiatri (nevroutviklingforstyrrelser).
Erfaring med forsking på kognitive testar og strukturerte vurderingar av funksjon
Erfaring med klinisk forsking, særleg relatert til barn eller nevrologiske tilstandar som epilepsi
Klinisk erfaring med epilepsipasientar
Erfaring med innsamling av kliniske data
Kjennskap til epidemiologiske metodar og registerbasert forsking, epigenetiske analysar eller maskinlæring
Interesse for eller erfaring med forskingsformidling og offentleg engasjement
Erfaring med publisering av biomedisinske artiklar
Erfaring med open vitskap-praksis er ein fordel
Ferdigheiter i eit skandinavisk språk
Vi set pris på nysgjerrigheit, grundigheit og evne til samarbeid. Stillinga gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, internasjonal mobilitet og tverrfagleg nettverksbygging.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 570 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 585 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 605 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.