Stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikk
Søknadsfrist: 01.02.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikk
Er du engasjert i matematikk, høgtytande databehandling og berekraft? Matematisk institutt søkjer ein ph.d.-stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen på 3 år, med moglegheit for eit 4. år med karriereutvikling (t.d. undervisningserfaring).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Kvifor velje oss?
Du blir ein del av Senteret for berekraftige undergrunnsressursar (Center for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)) – eit nasjonalt forskingssenter finansiert av Noregs forskingsråd. CSSR har eit ambisiøst mål: utvikle banebrytande digitale løysingar for å redusere Noregs offshore-utslepp drastisk. For å støtte målsetjingane til CSSR har dette prosjektet som mål å utvikle, analysere og implementere nye ikkje-lineære iterasjonsmetodar. Målet er å utnytte modellar med ulik kompleksitet; frå høgtytande databerekningar til reduserte modellar og data-drivne (maskinlærte) representasjonar. Særleg er vi interesserte i den felles bruken av slike modellar og i kva grad enklare modellar kan integrerast i fullfysikksimulering. Ditt arbeid vil ha direkte innverknad på denne viktige satsinga.
Di rolle
Utvikle og analysere ikkje-lineære og lineære løysare i samanheng med fleirmodellsanalyse og simulering av undergrunnsoperasjonar
Byggje på eit teoretisk grunnlag frå numerisk- og funksjonalanalyse
Byggje på litteraturen knytt til lineær operator prekondisjonering og ikkje-lineær prekondisjonering for Newton-metodar
Nytte konkrete modellproblem og numeriske døme til å leie og prototype utvikling
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk, vitskapeleg berekning («scientific computing»), eller tilsvarande fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring med funksjonalanalyse eller analyse av partielle differensiallikningar er eit krav.
Erfaring med prekondisjonering eller ikkje-lineære løysare er ein fordel.
Erfaring med numeriske metodar innan fluid mekanikk eller porøse media er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat:
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Jan Martin Nordbotten, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, epost: jan.nordbotten@uib.no, eller
Forsker Eirik Keilegavlen, Matematisk institutt, Universitet i Bergen, epost: Eirik.Keilegavlen@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på epost: karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.