Stipendiat i utrekningsorientert matematikk for geovitskap – CSSR
Søknadsfrist: 13.02.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i utrekningsorientert matematikk for geovitskap med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stillinga er knytt «Center for Sustainable Subsurface Resources (CSSR)», som er finansiert av Norges Forskningsråd og industripartnarar: https://cssr.no/.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Som beskrevet på CSSR si heimeside, så er “Centre for Sustainable Subsurface Resources is a national research centre dedicated to providing new subsurface knowledge and digital solutions to drastically reduce Norway’s offshore emissions. At CSSR, we work towards understanding how operators best can implement clean energy sources based on each asset’s unique underground situation. We also explore new ways of using the subsurface to store clean energy. CSSR will help leverage the knowledge and investments connected to old hydrocarbon reservoirs to repurpose these fields for large-scale carbon storage. CSSR researchers are also doing experimental studies on the temporary storage of clean hydrogen in underground reservoirs.”
For å støtte ambisjonane til CSSR, søkjer vi i dette prosjektet å utvikle nye algoritmar for å integrere modeller med varierande kompleksitet. Dette kan eksempelvis være full-fysikk simulatorar, eller data-drivne representasjonar av verkelegheitene (kan henda basert på maskinlæring).
Kandidaten vil bidra til forskingsaktiviteten ved CSSR, og da spesifikt innanfor senteret si arbeidspakke 5. Oppgåver som kan forventast inkluderer utvikling og analyse av ikkje-lineære og lineære solvere i konteksten av fleirmodellsanalyse og simulering av undergrunnsressursar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor anvendt og utrekningsorientert matematikk eller utrekningsvitskap («scientific computing»), utrekningsorientert fysikk, eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 1. april 2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Sterk kompetanse innan matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numerisk analyse og relatert programvareutvikling er eit krav
Gode ferdigheitar i programmering er eit krav
Erfaring med numeriske metodar for flyt i porøse media er ein fordel, men mest vekt vil leggast på bakgrunn i anvendt og berekningsorientert matematikk
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane sine bakgrunn bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 3 år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter innan 01.04.2024
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Jan Martin Nordbotten, Matematisk institutt, Universitetet i Bergen, epost: jan.nordbotten@uib.no, telefon: +47 909 65 990
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.