Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i utdanningsforsking

Søknadsfrist: 22.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i utdanningsforsking. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år med pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til iEarth, eit Senter for framifrå utdanning (https://iearth.no/).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

iEarth er eit nasjonalt konsortium av fem geovitskaplege institutt som saman skal omforma den geofaglege utdanninga i Noreg. I lag med studentane vil iEarth fremje eit nyskapande læringsmiljø retta inn mot viktige samfunnsutfordringar (t.d. klima, energi, geofarer, miljø og ressursar). Aktive læringsformer og løysing av ekte problem vil stå sentralt i ei nasjonalt integrert geofagutdanning med globalt perspektiv.

Ei viktig målsetjing i iEarth er å samle eit pedagogisk akademi som skal forske på dei prosessane som fører til endring i utdanninga. Akademiet vil vere sett saman av fem stipendiatar og ein postdoktor, samt fleire vitskapleg tilsette i konsortiet med ulik bakgrunn i geovitskap og utdanningsvitskap. Denne gruppa vil sitje spreidd i Norden men vil vere knytt tett saman som ei forskargruppe.

Skildring av PhD-prosjektet:

Digital infrastruktur for programdesign - ein katalysator for samskaping.

Ingenting er viktigare enn å forstå planeten som er grunnlaget for menneskeleg tilvære. Difor treng studentar, undervisarar og samfunnet elles å sjå tydeleg korleis og kvifor geofagutdanninga gjev kompetanse som er naudsynt for å løyse dei store, globale samfunnsutfordringane. For å nå denne visjonen vil iEarth utvikle ein nyskapande digital infrastruktur for kompetanseorientert programdesign som legg til rette for endring, kartlegging og evaluering av utdanninga. Ei hovudmålsetjing med denne infrastrukturen er å få utviklinga av utdanningsprogrammet til å bli ein kontinuerleg, smidig prosess som er saumlaust integrert med emneutvikling og vurdering av studentane si læring. Dei teknologiske løysingane (baksystem, brukaroppleving, visualisering) og samhandlinga mellom menneske og teknologi er difor heilt sentrale i endringsprosessen.

Dette PhD-prosjektet vil bidra til endringsprosessen og undersøkje denne frå ulike perspektiv (t.d. student, undervisar, administrasjon, arbeidsgjevar). Prosjektet vil ha fokus på menneska som er involverte i prosessen, deira medverknad, behov og hindringar, samt korleis studentar sjølve kan skapa endring i utdanninga si form og innhald. Resultata frå prosjektet er venta å gje ei djupare forståing av korleis dei ulike aktørane medverkar i, og vert påverka av, endringsprosessen. Denne kunnskapen vil dermed vere naudsynt for utviklinga av ein velfungerande digital infrastruktur.

Stipendiaten vil vere del av eit breitt, tverrfagleg team og prosjektet vil vere eit unikt og viktig bidrag til å nå iEarth sine målsetjingar.

For informasjon om dei andre PhD-prosjekta i iEarth, sjå: https://iearth.no/en/about-iearth/about-iearth-2/phd-projects-available-in-iearth/

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan utdanningsvitskap, pedagogikk, læringsteknologi, læringsdesign eller andre relevante fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå naturvitskapleg utdanning er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei kort prosjektskildring (ca. 4 sider inkl. referansar) der du gjer greie for korleis du vil utforme og gjennomføre forskinga i dette prosjektet (t.d. valg av teori og metodar) og forklarar kvifor du er den beste kandidaten til å utføre denne forskinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Bjarte Hannisdal, epost: bjarte.hannisdal@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS