Stipendiat i utdanningsforsking ved Kjemisk institutt
Søknadsfrist: 19.01.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat i utdanningsforsking ved Kjemisk institutt
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i utdanningsforsking. Stillinga har ei varigheit på tre år, med moglegheit for eit fjerde år med karrierefremmande oppgåver som undervisning og deltaking i instituttet sine pågåande utdanningsprosjekt. Ph.d.-stillinga inngår i instituttet si satsing på forskingsbasert utvikling av undervisning og læringsmiljø. Det er ønskeleg med oppstart så snart som mogleg.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Kjemisk institutt har dei siste åra styrka satsinga på utdanningsforsking som ein del av arbeidet med å utvikle framifrå undervisning og læringsmiljø. Utdanningskvalitet er avgjerande for å sikre at studentane våre får den kompetansen som krevst i eit stadig meir komplekst og kunnskapsdriven samfunn. Instituttet har eit særleg ansvar for å byggje gode overgangsordningar og læringsstrategiar for førsteårsstudentar, som ofte møter store faglege og sosiale utfordringar når dei startar på kjemistudiet.
Den utlyste ph.d.-stillinga vil ha eit overordna fokus på førsteårsstudentane ved Kjemisk institutt, og vi søker etter ein kandidat med mastergrad i kjemi og interesse for pedagogikk. Målet er å utvikle kunnskap om korleis undervisningspraksis, læringsaktivitetar og vurderingsformer kan bidra til auka meistring, motivasjon og gjennomføring. Prosjektet vil inngå i instituttet sitt strategiske arbeid med å styrkje utdanningskvaliteten og bidra til forskingsbasert utvikling av studieprogramma våre. Arbeidsoppgåvene vil inkludere innsamling og analyse av data frå undervisning og studentopplevingar, utvikling av pedagogiske intervensjonar og formidling av resultat lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.01.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjaren må ha erfaring frå kjemilaboratoriet.
Det er ein fordel med erfaring frå eller kompetanse innan eit eller fleire av følgjande område:
utvikling og analyse av høgare utdanning og dessutan undervisning i kjemi
bruk av kvantitative og/eller kvalitative metodar innan utdanningsforsking
bruk av spørjeundersøkingar i utdanningsforsking
vurdering av læring og læringsutbyte
Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjaren må ha flytande norskkunnskapar, eller eit anna skandinavisk språk, då utdanningsforsking er sterkt knytt til m.a. norsk publisering og deltaking.
Søkjaren må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil eit årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og deltaking i instituttet sine pågåande utdanningsprosjekt, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25% av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Kristine Spildo Kjemisk institutt, kristine.spildo@uib.no eller instituttleiar professor Magne Sydnes, Kjemisk institutt, magne.sydnes@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.