Stipendiat i utdanningsforsking (fråfall og gjennomføring)
Søknadsfrist: 28.02.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Matematisk institutt er det ei ledig stilling som ph.d.-stipendiat i disiplinbasert utdanningsforsking (Discipline-based education research - DBER). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år med høve for eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (t.d. undervisningsoppgåver ved instituttet). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og kandidaten vil bli ein del av eit aktivt nettverk av ph.d.-studentar tilknytt Forskingssenter i realfagslæring (STEM Education Research Center - SERC), ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stipendiaten vil fokusere på å få ei betre forståing av fråfall og gjennomføring i realfagutdanning i norsk høgare utdanning. Stipendiaten skal definere problemstilling, utforske moglege løysingar og teste desse på emne- eller programnivå, gjennom evidensbaserte intervensjonar.
Moglege forskingsspørsmål:
Korleis påverk STEM-undervisarar og -program (Science, Technology, Engineering and Mathematics) innan høgare utdanning i Noreg studentars avgjerd om å fortsette i sine studieprogram? Kva faktorar driv desse avgjerdene?
Korleis varierer effektar av psyko-sosiale intervensjonar i undervisning på tvers av institusjonar? I arbeidet med denne problemstillinga vil kandidaten ha nytte av, og moglegheit til å utvide, eksisterande nettverk etablert gjennom Forskingssenter i realfagslæring (SERC).
Stipendiaten vil være tilknytta Matematisk institutt og vil bli ein del av eit voksande fellesskap i SERC, nettverk på tvers av dei nordiske landa og i USA. Stipendiaten vil bli rettleia av professor og senterleiar for SERC, Sehoya Cotner ved Institutt for Biovitskap.
Stipendiaten vil ha mange moglegheiter for fagleg utvikling, inkludert reiser, og vil bli ein del av ei aktiv gruppe forskarar som fokuserer på forskingsbaserte undervisningsmetodar i realfag.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd ein mastergrad eller tilsvarande utdanning i ein naturvitskapleg disiplin (t.d. kjemi, fysikk, biologi), eller med ei naturvitskapleg fordjuping. Dersom mastergrad enda ikkje er oppnådd, må søkjarar ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Andre bakgrunnar (t.d. innan utdanning eller psykologi) vil bli vurderte, føresett at søkjaren kan demonstrere ei tydeleg forståing for dei spesifikke utfordringane i realfagsutdanning i søknaden. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå, eller kompetanse innan, realfagsutdanning eller utdanningsforsking innan realfag er eit krav.
Undervisningskompetanse, på ulike nivå, er ein føremon.
Erfaring frå, eller kompetanse i, bruk av R (eller liknande statistikkpakke) er ein føremon. Kandidaten vil arbeide med store datasett.
Forskingsferdigheiter og/eller kunnskap innan fagfeltet for prosjektet (forskingsbaserte undervisingsmetodar) er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og vise gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Søkjarar bør beherske norsk eller anna skandinavisk språk på grunn av arbeid med både dataanalyse og undervisning.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysingar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Sehoya Cotner, Institutt for biovitskap ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, UiB, sehoya.cotner@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Magnus Larsen, magnus.larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.