Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i ultralyd-akustikk
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i ultralyd-akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen som del av SFI Smart Ocean, eit senter for forskingsdriven innovasjon.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.-prosjektet har arbeidstittel Wideband Methods for Complex Acoustic Waveguides (Breibands-metodar for komplekse akustiske bølgjeleiarar). Arbeidet vil bli utført med hovudrettleiar ved Universitetet i Bergen, i planlagt samarbeid med eksterne partnarar. Dette er ei flott mogelegheit for å jobbe med ultralyd-akustikk og signalanalyse i forskingsfronten, med kort avstand til industrielle bruksområde.
Fleire akustiske metodar brukast til ikkje-destruktiv evaluering (NDE, non-destructive evaluation) og strukturell tilstandsovervaking (SHM, structural health monitoring) av mekaniske konstruksjonar. Ei familie av slike metodar overvaker integriteten til stav-, plate- og røyrliknande elastiske strukturar ved hjelp av leia ultralydbølgjer (GUW, guided ultrasonic waves). Ultralyd-transdusarar eksiterar GUW-forplantingsmodar i strukturen. Mottakar-transdusarar brukast til å detektere endringar i spreiing, signalamplitudar eller fase (gangtid). Slike endringar i signala ber informasjon om hendingar og prosessar som til dømes sprekkdanning, dimensjons-endringar, delaminering, korrosjon, erosjon, påvekst og mineralavleiring.
Ph.d.-prosjektet vil opparbeide oversikt over forskingsfronten med omsyn til relevante akustiske breibands-metodar. Dette vil danne utgangspunkt for studiar av metodar for NDE og SHM på reelle mekaniske konstruksjonar. Analytiske, numeriske og eksperimentelle metodar vil bli kombinerte i studiane. Brukstilfelle som finst i SFI Smart Ocean sitt senterkonsortium vil få særleg merksemd som teknologiske mål i forlenginga av ph.d.-arbeidet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Krav:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller tilsvarande disiplin, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Dokumentert utdanning eller arbeidserfaring innan alle dei følgjande tema er eit krav:
ultralyd
eksperimentelt arbeid som inkluderer innsamling og prosessering av elektroniske signal
programmering, fortrinnsvis i Python og/eller MATLAB
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Fordelar:
Dokumentert utdanning eller arbeidserfaring innan dei følgjande tema tel som fordelar i rangeringa av kandidatane:
akustiske bølgjer i faste stoff
akustiske leia bølgjer
numerisk modellering, fortrinnsvis i akustikk
akustiske transdusarar
signalanalyse, digital signalbehandling
målevitskap
vitskapleg skriving og publisering
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om SFI Smart Ocean
SFI Smart Ocean er eit senter for forskingsdriven innovasjon, med Universitetet i Bergen som vertsinstitusjon og delvis finansiering frå Forskningsrådet. Senteret tar sikte på å skape eit trådlaust observasjonssystem for multi-parameter overvaking av undervassmiljø og ‑installasjonar. Systemet, basert på autonome smartsensorar, vil tene som eit mogeleggjerande fundament for å realisere fleksible, distribuerte, robuste, energieffektive, kostnadseffektive og trygge marine målingar og handsaming av «big data», for å løyse utfordringar i samfunn og næringsliv. Akustiske teknologiar er sentrale for både sensorutvikling og undervasskommunikasjon, og er derfor inkluderte i fleire av senteret sine aktivitetar.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.