LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i teiknspråklingvistikk knytt til ERC-prosjektet NONMANUAL

Søknadsfrist: 01.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i teiknspråklingvistikk (ERC-prosjekt NONMANUAL) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 01.09.2023, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Om prosjektet

Prosjektet NONMANUAL studerer ansiktsuttrykk, kropps- og hovudbevegelsar i fem ulike teiknspråk, med bruk av store datasett, maskinsyn og avansert statistisk analyse. Prosjektet er finansiert av ERC Starting Grant til Vadim Kimmelman, 2023-2027. For meir informasjon, sjå her.

Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan allmenn lingvistikk, datalingvistikk, eller liknande. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjarar må ha noko erfaring med forsking i teiknspråklingvistikk dokumentert i MA-oppgåva eller andre oppgåver.
  • Søkjarar må ha noko dokumentert erfaring i kvantitativ forsking (t.d. bruk av statistisk analyse og/eller programmering for lingvistisk forsking).
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må beherske engelsk.

Søkjarar må skrive ei omtale av eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling. Prosjektet må vere tydeleg tematisk relatert til forskingsmåla til NONMANUAL.

Søkjarar med desse kvalifikasjonane har ein føremon:

  • Erfaring med maskinsyn (Computer Vision).
  • Erfaring med maskinlæring.
  • Dokumentert kunnskap i et teiknspråk. Døve teiknspråkbrukarar oppfordrast spesielt til å søkje.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er og prosjektet si relevans til NONMANUAL, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det blir vidare lagt vekt på fagstrategiske omsyn, samt at søkjaren er motivert og personleg eigna for stillinga.

Om stipendiatstillinga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søke.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjend midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 501 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

  • Prosjektomtale (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektomtalen skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Relevante attestar.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektomtalen.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS