LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i statistikk / sannsynsteori

Søknadsfrist: 04.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i statistikk/sannsynsteori. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Dette er ei utdanningsstilling som skal gi lovande kandidatar ei forskarutdanning på høgt nivå og føre fram til doktorgrad innan eit av forskingsområda i statistikk og/eller sannsynsteori som er representerte ved instituttet.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i statistikk eller matematikk med innslag av emner i statistikk og/eller sannsynsteori. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Det er eit krav at søkjaren kan visa til solid kunnskap, ferdigheiter og erfaring innan statistikk og/eller sannsynsteori som er relevant for forskinga representert ved instituttet
  • Søkjarar som kan visa til solid kunnskap, ferdigheiter og erfaring relevant for minst eit av følgjande forskingstema vil ha en fordel:
    • financial econometrics / finansiell økonometri
    • time series analysis / tidsserieanalyse
    • statistical learning / statistisk læring
    • sparse Bayesian Learning / sparse bayesiansk læring
    • random walks / virrevandringer
    • interacting particle systems / interagerende partikkelsystemer
    • mathematical statistical mechanics / matematisk statistisk mekanikk
    • random graphs / stokastiske nettverk

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. 

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.07.2024
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis, Yushu Li, +47 55 58 48 83, epost: yushu.li@uib.no, for søkjarar interessert i en PhD i statistikk, eller
  • Førsteamanuensis, Stein Andreas Bethuelsen, epost: stein.bethuelsen@uib.no, for søkjarar interessert i en PhD i sannsynsteori.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS