Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiatane er ein viktig del av fag- og forskingsmiljøet ved Institutt for pedagogikk. Doktorgradsprosjekta inngår i instituttet sitt langsiktige arbeid med å styrkje pedagogisk forsking.
Den som vert tilsett vil bidra inn i undervisning i bachelor- og masterprogrammet i spesialpedagogikk ved UiB.
Den som vert tilsett vil bli knytt til forskingsgruppa Spesped
Ph.d.-prosjektet vil ha som målsetjing å få djupare kunnskap knytt til funn frå den longitudinelle kvantitative undersøkinga i Hjertespråk. For å oppnå djupnekunnskap vil ph.d.-prosjektet i hovudsak basere seg på kvalitativ metode.
Forskingsprosjektet som kandidaten skal gjennomføre skal utviklast og gjennomførast i samarbeid med rettleiar(ar)
Ta kontakt med forskingsgruppa Spesped for å få tilsendt nærare beskriving av prosjektet og for å avklare ph.d.- rettleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må:
ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i spesialpedagogikk, pedagogikk, logopedi eller psykologi på søknadstidspunktet. Mastergrad frå andre fagområde vil være kvalifiserande om masteroppgåva har tematikk med relevans for spesialpedagogikk
kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
ha gode norskkunnskapar, då forskingsintervjua som stipendiaten skal utføre skal skje på norsk
kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Du bør:
kunne dokumentere gode forskareigenskapar, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller gjennom annan forsking/publikasjonar.
ha erfaring med kvalitative metodar. Du bør også kunne tolke data frå kvantitative undersøkingar.
Kjennskap til samisk historie, kultur, levekår og språk, samt evne til å tileigne seg relevant kunnskap om urbefolkning, og særeigne problemstillingar knytt til forsking på urfolk og etniske minoritetar er viktig for stillinga.
Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeld følgande:
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det karrierefremmande arbeidet ved instituttet vil i stor grad bestå av undervisingsoppgåver, verv og administrative oppgåver. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.
Om ph.d.-utdanningaSom stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på tre år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Brutto årsløn som stipendiat (kode 1017) kr 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. Dersom du har spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste). Prosjektskissa skal ta utgangspunkt i allereie utarbeidde planar for prosjektet.
Stadfesting frå forskingsgruppe og ev. ph.d.-rettleiar.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV.
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning).
Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka.
Viktig: Dersom du har utanlandsk utdanning må du i tillegg legge ved HK-dir si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje på stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no). Dersom dette gjeld deg, må du laste ned godkjenninga og legge den ved søknaden.
Relevante attestar.
Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Eventuelle publikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Leiar for forskingsgruppa Spesped, førsteamanuensis i spesialpedagogikk, Astrid Lenvik, tlf. +47 55582846, astrid.lenvik@uib.no
Nestleiar i Hjertespråk, førsteamanuensis i spesialpedagogikk, Kari Hagatun, tlf. +47 55583972, kari.hagatun@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)