Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Institutt for biovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan sjømat og berekraft med arbeidsplass på Havforskingsinstituttet (HI). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen (UiB) og HI, og er knytt til prosjektet berekraftsindikatorar for sjømat i forskargruppa Sjømat og Ernæring.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ved HI har man over tid bygd opp ein stor database (Sjømatdata) på innhald av næringsstoff og miljøgifter i ulik sjømat. Målet med dette prosjektet er å utvikle kvantitative og kvalitative parametrar som kan supplere data på trygg og sunn mat med indikatorar på berekraft. Prosjektet er eit nybrottsprosjekt på HI der samarbeid med ulike faggrupper og forskingsfelt både internt på HI og i samarbeid med UiB og andre er vesentleg.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i biologi, matvitskap eller tilgrensande fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå eller kompetanse innan kvantitativ biologi/ernæring er ein føremon.
Kompetanse innan statistikk er ein føremon.
Erfaring frå arbeid innan sjømat, ernæring og berekraft er ein føremon.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Søkjarar må beherska norsk eller eit anna skandinavisk språk då det vert aktuelt med intervjuoppgåver og arbeidsmøte på norsk, og arbeid med norsk grålitteratur.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga:
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/-tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvara 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 541 800. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje denne stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med rådgjevar Magnus Larsen, Magnus.Larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.