LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i sesongvarsling av vær og klima

Søknadsfrist: 31.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i meteorologi og klima. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppa i klimadynamikk ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforskning. Stipendiatstillinga er ein del av prosjektet Climate Futures, finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

PhD stillinga vil vere ein del av senteret for forskingsdrevet innovasjon (SFI) - Climate Futures (https://www.climatefutures.no/) finansiert av Noregs Forskingsråd. Climate Futures har som hovudmål å produsere nye og innovative løysningar for å føresjå og handtere klimarisiko frå 10 dagar til 10 år framover i tid. Senteret er et konsortium som består av sju forskingspartnare og nærmare 30 brukarpartnare frå næringslivet. Desse representerer bransjar som landbruk, fornybar energi, katastrofeberedskap, skipsfart, forsikring, finans, risikostyringstenester, samt offentlege organisasjonar.

Oppgåva for denne PhD-stillinga er å utforske nye metodar for optimal bruk av numeriske vervarslingsprognosar ut over ti dagar (utvida langtidsprognosar), ved å undersøke moglegheitene for å bruke innovative statistiske og maskinlæringsmetodar for å forbetre prognosane.

  • Kandidaten vil starte med å tileigne seg kunnskap om pålitelegheita og nøyaktigheita til utvalde numeriske langtidsprognosar tilgjengelege frå det Europeiske versenteret (ECMWF)
  • Kandidaten vil vidare undersøke strategiar og metodar for bruk av maskinlæring for å forbetre prognosane
  • Eit viktig aspekt av arbeidet vil vere å undersøkje metodar for betre forståinga av kvifor maskinlæringsmodellar føreser som de gjer (såkalla Explainable Machine learning).

Arbeide vil verte gjort i nært samarbeid med Norsk Regnesentral, Meteorologisk institutt og interessentar i Climate Futures. Universitetet i Bergen er ein del av det nasjonale forskingskonsortiet for kunstig intelligens (NORA) og kandidaten vi jobbe i eit svært internasjonalt arbeidsmiljø som ein del av Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) og Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. BCCR er det største naturvitskapelege klimaforskingssenteret i Norden og blant dei ledande sentra i Europa med rundt 200 forskarar frå 37 land.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan meteorologi, statistikk, maskinlæring, anvendt matematikk eller relaterte fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.10.2022. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert kunnskap innan eit eller fleire av emna meteorologi, klimatologi, maskinlæring eller tradisjonelle statistiske metodar er påkravd.
  • Erfaring og dokumentert kunnskap innan vitskapeleg programmering ved bruk av Python, R, Matlab, Julia, C / C ++ eller liknande er eit krav.
  • Forståing av og erfaring med meteorologisk eller klimatologisk dataanalyse vil være eit føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Prosjektet involverer fleire norske brukarmiljø og ferdigheiter i norsk vil være ein føremon.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 501 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.10.2022).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Asgeir Sorteberg, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen (asgeir.sorteberg@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS