Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i romfysikk / atmosfære dynamikk

Søknadsfrist: 01.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i romfysikk/atmosfære dynamikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk/atmosfæredynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til prosjektet “Effects of Energetic Electron Precipitation in a Changing Climate (EPIC)” finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil vera ein del av forskingsgruppa «Particle precipitation» ved Birkelandsenteret for romforsking. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå kjemiske og dynamiske effektar i den nøytrale atmosfæren forårsaka av energirik partikkelnedbør. Stipendiaten vil vera ein del av eit nytt prosjekt, finansiert av Noregs forskingsråd. Prosjektet har som mål å avdekkja korleis effekten av partikkelnedbør i atmosfæren endrar seg i ei varierande atmosfære. Energirik elektronnedbør forårsakar kjemiske endringar i den nedre termosfæren og mesosfæren noko som aukar mengda av t.d. nitrogenoksid (NOx). NOx kan effektivt bryta ned ozon og kan ved hjelp av eksisterande bakgrunnsvindar verta transportert ned til stratosfæren. Nedbrytinga av ozon kan potensielt endra temperatur og vindar. Den øvre atmosfæren har dei siste tiåra vorte avkjølt og bakgrunnsvindane har akselerert som eit resultat av klimaendringar. Korleis dette vil påverka effekten av partikkelnedbør er framleis ukjend. I dette studiet skal stipendiaten nytta klimamodellen WACCM saman med et observasjonsbasert datasett (t.d. ERA5). Arbeidet vil verta utført i tett samarbeid med medlemmene i forskingsgruppa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i romfysikk eller atmosfærefysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.08.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må dokumentera god kunnskap om og ha erfaring med atmosfære kjemi og/eller dynamikk ved høge breidder, eller prosessane som påverkar nedbøren av energirike partiklar i atmosfæren.
  • Kandidaten må ha erfaring frå dataanalyse ved bruk av vitskapleg programmering, t.d. Matlab eller Python.
  • Erfaring med følgjande tema er ein føremon:
    • Kunnskap om Matlab
    • Kjennskap til klimamodellar (WACCM) eller observasjonsbasert datasett for atmosfæren (ERA5).
    • Kjennskap til energirik partikkelnedbør og dei tilhøyrande effektane på atmosfæren
    • Kjennskap til statistiske metodar
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 01.08.2020.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS