Stipendiat i religionsvitskap (hebraisk bibel / oldtidas jødedom)
Søknadsfrist: 22.04.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i religionsvitskap med fokus på oldtidas religionar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 1. januar 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Stipendiatstillinga er øyremerka til eit ph.d.-prosjekt om sterkt, individuelt engasjement i eldre jødisk apokalyptisk og profetisk litteratur i Den hebraiske bibelen og den andre tempelperioden, og visjonær-profetiske modellar og engasjementsideal.
Stillinga er ei av dei første av fleire stillingar som vert utlyst i samband med RADHEART-prosjektet. I tillegg til denne og ei anna stipendiatstilling, vil tre postdoktorstillingar òg bli utlyste. Stipendiaten vil dimed bli ein del av ei tett samarbeidande forskingsgruppe som arbeider med individuelt engasjement i radikal eldre religion, og eit stort og dynamisk forskingsmiljø ved instituttet som fokuser på oldtida. Stipendiatane vil få sjansen til å samhandle med toppforskarar på feltet og reise på konferansar og forskingsopphald.
Om RADHEART-prosjektet
RADHEART: Radical Habits of the Heart: Emotions, Embodiment, and Strong, Individual Commitment in Ancient Religions, er eit ERC Consolidator Grant leia av Laura Feldt.
Prosjektet fokuserer på rolla kjensler og kropp spelar i sterkt, individuelt engasjement i oldtida. Prosjektet undersøker korleis kjenslemessig intense og sterke religiøse engasjement (dvs. radikale hjartevanar) blir uttrykt og kultivert i jødiske og kristne formative tradisjonar på tvers av dei tre aksane tekstualitet, medialitet, og praksis, frå det 6. århundre fvt. til det 6. århundre evt. Prosjektet fremmer eit nyskapande teoretisk rammeverk som kombinerer religionsestetikk, erfaringsorientert antropologi og framoverretta filologi. Forskingsgruppa vil bruke perspektiv frå religionsestetikk, opplevingsorientert antropologi og framoverretta filologiske metodar.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet, medan eit år av tida blir nytta til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.
Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Dei resterande seks månadane er sett av til denne opplæringsdelen.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap / religionsstudium / religionshistorie eller nærliggande og relevant fag eller fagfelt. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer utanlandsk grad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjar må kunne arbeide med kjelder på originalspråket, som vil vere hebraisk og eventuelt arameisk og gresk.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjaren må ha gjennomført sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing. Dette arbeidet skal normalt bestå av ei masteroppgåve på minimum 30 studiepoeng. Søkjaren må som hovudregel ha minimum karakteren B eller tilsvarande på det sjølvstendige forskingsarbeidet.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektskissa (om lag 5 sider) må vere i samsvar med måla til RADHEART-prosjektet og forholde seg til prosjektet sine hypotesar, teoriar og metodar.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Bruttoårsløn på kr 560 000 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. Skissa skal òg skildre empirien som skal bli brukt i prosjektet.
Søkjarar må utforme prosjektet sitt som eit bidrag til det større forskingsprosjektet RADHEART og forholde seg til hypotesane, teoretiske perspektiv og metodar i RADHEART-prosjektet. Søkjarar kan lese meir om prosjektet på prosjektets nettside og ei prosjektskildring kan ein få ved å kontakte prosjektleiar.
Litteraturliste for prosjektskissa.
Framdriftsplan for prosjektet som inkluderer karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen. Merk at framdriftsplanen må ta omsyn til at sjølve avhandlinga skal kunne bli fullført innanfor ein tidsramme på 2,5 år.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
CV.
Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
Dokumentasjon på relevant hebraisk-ferdigheiter og, dersom relevant, ferdigheiter i arameisk og/eller gresk.
Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
Relevante attestar.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.
Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Leiar for RADHEART-prosjektet, førsteamanuensis Laura Feldt, epost: laura.feldt@uib.no, eller
Instituttleiar og professor Teemu Sakari Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.