LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i reknekjemi

Søknadsfrist: 01.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i reknekjemi

Ved Kjemisk Institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i reknekjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).Stipendiaten vil arbeide i det internasjonale og interaktive arbeidsmiljøet ved Computational Biology Unit (CBU) – eit tverrvitskapeleg senter ved Universitetet i Bergen, etablert for forsking og utdanning innan bioinformatikk.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Prosjektet vil kombinere atomistisk molekylærdynamikk (MD) simuleringar med eksperimentelle metodar sensitive for atomistiske detaljar (særskilt NMR-relaksjonar). Ph.d.-stipendiaten vil bygge eit bibliotek av høgoppløyste eksperimentelle data av oligosakkarider, som vil brukas til å kritisk vurdera dei noverande MD-modellane og utføre datadreven optimalisering. Dei verifiserte modellane vil bli brukt til å avdekke det konformasjonelle ensemblet og dynamikken til oligosakkarider i det menneskelege glykomet, spesielt dei som er relevant for virus-vert interaksjonar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi, fysikk, bioinformatik eller eit liknande fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.08.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå molekylære simuleringar eller NMR-eksperiment er eit krav.
  • Erfaring med bruk av MD-simuleringar for å forske på biomakromolekylar er ein fordel.
  • Erfaring innan eksperimentelt laboratoriearbeid, særskilt med NMR, for å forske på biomakromolekylære system er ein fordel.
  • Erfaring med glykaner er ein fordel.
  • God kunnskap i statistisk fysikk er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial for ein vitskapleg karriere vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil eit årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til under-visning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjings-perioden og slik tilsvare 25% av tida kvart år.Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Eit ungt og resultatorientert team, med høgt nivå av støtte og utmerka samarbeid
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Eventuell liste over vitskaplege publikasjonar
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • Relevante attestar.
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR adviser Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS